Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Digitalt kurs: AIM3 Utredning

RVTS Vest og Ressursenhet V27 arrangerer kurset «AIM3 Utredning».

Passert
11.
desember
2025
2 dagar
  1. 11. des. 2025, 09:00 - 15:30
  2. 12. des. 2025, 09:00 - 15:30

Tid og stad

Når
  1. 11. des. 2025, 09:00 - 15:30
  2. 12. des. 2025, 09:00 - 15:30
Kvar
Kurset er digitalt. Teamslenke blir sendt til dei påmeldte.
Påmeldingsskjema

Frist for påmelding: 27. nov. 2025, 23:00

Kort om undervisningstilbodet

Kurs i AIM3 Utredning går over to dagar.

AIM3 Utredning er eit verktøy som kan brukast på ungdom i alderen 12–18 år som har vist skadeleg seksuell åtferd. Verktøyet gjer synleg både styrkar og bekymringar knytt til korleis ungdommen fungerer på ulike livsområde.

AIM-verktøya er utvikla av AIM-stiftinga i Storbritannia, og står for Assessment, Intervention & Moving on. AIM3 blei omsett til norsk i 2020 og skil seg frå tidlegare AIM2 Utredning ved å vere enklare å administrere, og ved å inkludere fleire sentrale område i ungdommens liv.

Ei gruppe ungdommar som tar selfie
Illustrasjonsfoto.

Kva lærer du?

AIM3 har fem hovudområde:

  • Seksuell åtferd
  • Ikkje-seksuell åtferd
  • Utvikling
  • Omgjevnader/familie
  • Sjølvregulering


Nytt frå AIM2 er at AIM3 har desse fem hovudområda, kvar delt inn i fem kunnskapsbaserte faktorar. Fagpersonar skal skåre graden av oppsummert bekymring på kvar faktor. Resultata frå AIM3 blir oppsummert i ein visuell profil som viser ungdommen og familien sine behov og utfordringar. Profilen blir brukt i analyse, anbefalingar, formidling og vurdering av kva slags tilsyn, behandling og oppfølging som bør setjast i verk straks, og kva tiltak som på lengre sikt kan førebyggje nye SSA-hendingar og støtte ungdommen mot eit prososialt og proseksuelt liv.

Kurset inkluderer ein kompetansetest (skåring av kasus) som er obligatorisk for dei som skal eller ønskjer å bruke AIM3.

AIM3 Utgreiingsmanual blir delt ut på kursdagen.

Målgruppe

Spesialisthelsetenesta, familievern, statlege barnehus, barnevernsinstitusjonar, kommunalt barnevern, Konfliktråd, Friomsorg, helsesjukepleiarar og kommunepsykologar. Ta kontakt med kursarrangør dersom du er i tvil om du kan delta.

Viktig å vite

For å delta på kurset må du ha gjennomført eit kurs i grunnleggande forståing av barn si seksuelle åtferd.

Oversikt over kurs i heile landet finn di på seksuellatferd.no

Kurshaldarar

Kurshaldarane kjem frå Ressursenhet V27. Meir informasjon kjem.

Pris

Kr 750,00

Påmelding vert lagt ut 1. oktober.

Maks tal deltakarar

30

Kontakt