Tid og stad
- Når
-
- 07. apr. 2026, 09:00 - 15:30
- 08. apr. 2026, 09:00 - 15:30
- Kvar
-
RVTS Vest sitt kurslokale (1. etg)
Ulriksdal helsepark
Ulriksdal 2
5009 Bergen
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 01. apr. 2026
Gå til påmeldingsskjema

Kort om kurset
Målet med kurset er å gi fagpersonar som jobbar direkte klinisk og behandlingsretta med barn og unge og familiane deira opplæring i AIM/G-Maps behandlingsrettleiar for ungdom (i alderen 12–18 år) med problematisk og skadeleg seksuell åtferd (SSA).
Behandlingsrettleiaren vart oppdatert i 2019, og gir ei innføring i mellom anna forsking/teoriar om utvikling hos barn, nyare kunnskap om traume og hjerne, tilknyting og sjølvregulering.
Denne oppbygginga støttar AIM3-modellen si vektlegging av stegvis utvikling og motstandskraft, samt økologiske metodar som legg vekt på multisystemisk endring og gjenopprettande prosessar.
AIM-behandling er ikkje ein manualbasert tilnærming, men oppmodar behandlaren til å vere kreativ i møte med behova til ungdommen og familien. Alle som deltek på kurset får ein behandlingsrettleiar.
Kva lærer du?
AIM sitt rammeverk for behandling er delt inn i fire fasar:
- Førebuing, engasjement og motivasjon
- Utvikle motstandskraft
- Seksualundervisning, relasjonar og skadeleg seksuell åtferd
- Vegen vidare og avslutning av behandling
For å kunne delta på kurset må ein ha gjennomført kurs i AIM3-utredning.
Målgruppe
Tilsette i BUP, kommunale psykologar, BUF-etat (familievern, institusjon), miljøpersonale med oppfølgingsansvar, Statens barnehus, Konfliktrådet m.fl.
Pris
900,-
Kjekt å vite
Kurset er godkjent av Norsk Psykologforening som 12 timar vedlikehaldsaktivitet for psykologspesialistar.
Tal deltakarar
Maks 30
Spørsmål?
Kontakt kurshaldararne.