Vidareutdanning i sensorimotorisk psykoterapi
Traumatisering og vonde tilknytingsopplevingar set djupe kroppslige spor. Sensorimotorisk psykoterapi inkluderer kroppen.

Foto: © Krakenimages.com - stock.adobe.com
Vidareutdanning i sensorimotorisk psykoterapi, nivå 1
Sørlandet sykehus arrangerer vidareutdanning i sensorimotorisk psykoterapi, nivå 1, med oppstart desember 2025.
Kort om vidareutdanninga
Sensorimotorisk psykoterapi er ei terapiretning utvikla av Pat Ogden med utspring i USA. Metoden har røter frå kroppsorienterte tradisjonar, og framstår i dag som ei heilskapleg og anerkjend behandling av traumerelaterte lidingar. Ho baserer seg på nyare forsking innan nevrobiologi, og korleis traumatisering verkar inn på nervesystemet. Utdanninga er bygd opp i ulike nivå, der Level 1 og Level 2 til saman gir solid kompetanse for å jobbe kroppsorientert med traumer og vonde tilknytingsopplevingar. Level 1 strekkjer seg over ca. 1 år, og består av 4 samlingar på 3 dagar kvar. Level 2 er meir omfattande, og inneheld 7 samlingar på 3 dagar. Forelesarar er sertifiserte trenarar tilknytt Sensorimotor Psychotherapy Institute, med lang erfaring. Les meir om utdanninga på sidene til SPI: Sensorimotor Psychotherapy Institute - Trauma Training (side er på engelsk).
Kva lærer du?
Level 1
Rettar seg mot posttraumatiske stressreaksjonar, og baserer seg på 3-fase modellen for behandling av traumelidingar. Ein lærer både om korleis ein kan jobbe stabiliserande gjennom somatiske ressursar, samt om bearbeiding av traumeminne ved å gjenetablere kroppslig forsvar. Dette kan innebere å fullføre forsvarshandlingar som ein ikkje klarte då traumene pågjekk, i ein trygg terapeutisk kontekst.
Level 2
Rettar seg mot tilknytingsmessige sår, behov og kjensler som ikkje vart møtt i oppveksten. Ein jobbar med korleis kroppen ber på missing experiences, og korleis kroppslige intervensjonar bidreg til heling. Mindfulness og bevisstgjering av automatiserte/prosedyrelle handlingsmønster står sentralt. Undervisninga er praksisnær, og på samlingane jobbar ein målretta med læring av ferdigheiter i mindre grupper. Ein brukar erfaringar frå eige liv, og i tillegg til forelesar vil det vere fleire assistentar med sensorimotorisk vidareutdanning som fasiliterer læringsprosessen.
Level 2-utdanninga i Sensorimotorisk psykoterapi som skulle ha starta opp i mai 2025 er dessverre avlyst på grunn av for få deltakarar. Vi prøver å sette opp igjen dette nivået når fleire Level 1-kurs er gjennomført i Noreg.
Målgruppe
Sensorimotorisk psykoterapi er ei terapiutdanning som høver for psykologar, legar eller andre behandlarar med minimum 3-årig helse-/sosialfagleg utdanning. Ein bør ha ei klinisk arbeidssituasjon, som er tilrettelagt for terapeutiske samtalar. Vi tek imot søkjarar frå heile landet.
Viktig å vite
I tillegg til undervisninga, får deltakarane tilgang til SPI sin digitale læringsportal. Der finn ein utfyllande fagstoff knytt til dei ulike modulane, og oppgåver som løysast undervegs. Det opprettast også lokale studiegrupper, slik at ein får moglegheit til å trene på ferdigheiter mellom samlingane.
Meir info om vidareutdanning i sensorimotorisk psykoterapi
RVTS Vest starta å organisere vidareutdanning i sensorimotorisk psykoterapi i 2017. I starten samarbeidde vi med Solli DPS, etter kvart har RVTS Vest stått for organiseringa åleine. Vi har hittil sett opp 3 Level 1 utdanningar, og eitt Level 2.
Sensorimotorisk psykoterapi har blitt organisert andre stader i landet også, og Sørlandet sjukehus planlegg Level 1 med oppstart i desember 2025.
Kontakt
