Traumebevisst miljøterapi
Kompetanseprogram for tenester som jobbar miljøterapeutisk med vaksne som har samansette psykiske helseutfordringar.
Tilgjengeleg på førespurnad
Undervisningstilbodet er tilgjengeleg på førespurnad, og kan tilpassast di teneste.
Mange av brukarane innan psykisk helse og rus har opplevd traumer i oppveksten og i nære relasjonar. Dette har store konsekvensar for psykisk helse.
Kort om kompetanseprogrammet
Traumebevisst miljøterapi er for tenester eller organisasjonar som arbeider miljøterapeutisk med vaksne som har samansette psykiske helseutfordringar.
Programmet varer eitt år, og består av 5-6 felles undervisningsdagar, rettleiing mellom samlingane, og digital læringsstøtte gjennom vår læringsportal.
Kompetanseprogrammet har hovudvekt på å forstå traumerelaterte symptom og utfordringar, og korleis jobbe målretta med dette i det miljøterapeutiske arbeidet.
Kva lærer du?
Traumebevisst miljøterapi gir ei grundig innføring i traumefeltet, frå posttraumatisk stress til kompleks traumatisering og dissosiasjon. Du får utdjupa forståing for korleis traumatisering verkar inn på psykisk helse, med særleg vekt på utviklingstraumer.
Opplæringa legg vekt på 3-fasemodellen* for behandling av kompleks traumatisering, der fokus i dette programmet er på stabiliserande traumemetodar.
Du lærer blant anna om psykoedukasjon**, handtering av triggarar og minne, korleis forbetre kvardagen og auke livskvaliteten.
Opplæringa har særskilt fokus på oss som hjelparar, og korleis vi blir påverka av å jobbe med menneske som har opplevd omfattande traumatisering.
Traumebelastningar kan føre til rusavhengigheit, sjølvskading eller gjentakande sjølvmordsåtferd (kronisk suicidalitet). Dette er symptom som kan gjere oss usikre og redde.
Traumebevisst miljøterapi vektlegg årsakene bak psykisk liding, og korleis medvitenheit rundt eigne reaksjonar kan bidra til at vi blir tryggare og betre hjelparar.
Arbeidsmiljø, kollegastøtte og metodar for sjølvivaretaking er og ein del av programmet.
Målgruppe
Tenester som jobbar miljøterapeutisk med vaksne som har samansette psykiske helseutfordringar.
Viktig å vite
Traumebevisst miljøterapi rettar seg mot ei heil teneste/organisasjon eller arbeidsstad. Det er derfor ikkje mogleg å melde seg på som enkeltperson.
Leiinga på arbeidsplassen må gjere ein avtale med RVTS Vest om å gjennomføre kompetanseløftet for alle tilsette. Dette bidrar til ei samlande fagleg forståing for brukarar utsett for traumer, eit felles språk og kunnskapsgrunnlag.
Programmet eignar seg for både døgnavdelingar, bufellesskap, kommunal oppfølgingsteneste, med fleire.
*3-fasemodellen for behandling av kompleks traumatisering er ein faseorientert tilnærming som ofte vert brukt ved komplekse traumer.
**Psykoedukasjon handlar om å gi pasient og pårørande opplæring slik at dei kan forstå og ha innsikt i traumesymptoma. Dette reduserer angst og uvisse og fører til auka oppleving av kontroll, noko som i seg sjølv kan føre til symptomforbetring (Kjelde: Traumebehandling.no)
Bakgrunn
Traumebevisst miljøterapi blei utvikla av RVTS Vest i 2023, med utgangspunkt i kompetanseheving for alle bufellesskapa innan psykisk helse og rus i Stavanger kommune. Dette kompetanseløftet varte i 2 år, og omfatta rundt 400 tilsette. Programmet har gjennomgåande gode evalueringar, og bruk av kartleggingsverktøyet Tandem viser endringar i kunnskap, haldningar og praksis etter gjennomføring.
Kontakt
