Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forståelse og behandling av PTSD, komplekse traumelidelser og dissosiasjon

Traumebehandling i vest

Mange pasientar innan psykisk helsevern har opplevd traumer. Nyare traumeforståing hjelper i behandling på tvers av diagnosar.

Ei kvinne i militæruniform sit framfor kamera og ser til sida.

Tilgjengeleg på førespurnad

Undervisningstilbodet er tilgjengelegførespurnad, og kan tilpassast di teneste.

Kort om kompetanseprogrammet

Kompetanseprogrammet er for tilsette ved ein heil DPS og dei tilhøyrande kommunale helsetenestene innan psykisk helse og rus for vaksne. Dette inneber alle døgnavdelingar, poliklinikkar og akutte tenester ved DPS, både behandlarar og miljøpersonale. Opplæringa gir ei samlande fagleg forståing, eit felles språk og kunnskapsgrunnlag. Dette kan gjere det lettare for tenestene å samarbeide, og bidra til ei meir samla og heilskapleg behandling.

Kompetanseprogrammet består av seks felles undervisningsdagar, rettleiing mellom samlingane, og digital læringsstøtte. Programmet varer i circa ett år.

Kva lærer du?

Traumebehandling i vest gir ei grundig innføring i traumefeltet. Du lærer om posttraumatisk stressliding, komplekse traumelidingar og komplekse dissosiative lidingar.

Du lærer:

  • korleis traumatisering verkar inn på personlegheitsutvikling og psykisk helse, med særleg vekt på utviklingstraumer
  • 3-fasemodellen* for behandling av kompleks traumatisering og vurderingar knytt til behandlingsval
  • ulike stabiliserande metodar, som handtering av triggarar og minne, og får innføring i bearbeidande traumeteknikkar
  • kultursensitiv behandling av flyktningar, samt korleis arbeide med komplekse dissosiative lidingar

Kompetanseprogrammet har eit gjennomgåande fokus på oss som hjelparar, og korleis vi kan forstå og handtere eigne reaksjonar i møte med traumeutsette pasientar og brukarar.

Målgruppe

Traumebehandling i vest rettar seg mot ein heil DPS, samt tilhøyrande kommunale tenester. Leiinga ved DPS må gjere ein avtale med RVTS Vest om å gjennomføre kompetanseløftet i samarbeid med sine kommunar. 

Undervisninga er for både behandlarar og miljøpersonale, og legg vekt på korleis felles kunnskapsbase og samhandling  styrker helsehjelpa til traumeutsette.

Det er ikkje mogleg å melde seg på som enkeltperson.

Viktig å vite

For å lukkast med «Traumebehandling i vest», er det viktig at implementeringa er forankra i leiinga. Leiinga må legge til rette for at alle tilsette kan delta, og at opplæringa blir ein del av DPS-et og kommunane sine øvrige kompetanseplanar.

Undervisningsdagane blir haldne to gonger, slik at leiarane kan fordele sine tilsette  etter turnus. Rettleiinga blir gitt avdelingsvis, og er eit viktig supplement til undervisninga. I rettleiinga kan deltakarane drøfte konkrete saker, samt få hjelp til å omsette teori til praksis.

 

*3-fasemodellen for behandling av kompleks traumatisering er ein faseorientert tilnærming som ofte vert brukt ved komplekse traumer.

Litt historie

Traumebehandling i vest blei utvikla av RVTS Vest i 2014, og har sidan den gong blitt gjennomført ved til saman åtte DPS i Helse Vest. For tida gjennomfører Jæren DPS programmet.

Programmet har gjennomgåande gode evalueringar, og bruk av kartleggingsverktøyet Tandem viser endringar i kunnskap, haldningar og praksis etter gjennomført kompetanseløp.

Sylvi Ramsli Fiskerstrand.

Sylvi Ramsli Fiskerstrand

Psykologspesialist

sfis@helse-bergen.no 92242986
Sist oppdatert 30.01.2026