Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sinnemestring Brøsetmodellen

Sinnemestring Brøsetmodellen er eit utdanningsprogram for fagfolk som møter utøvarar av vald i nære relasjonar.

Baksida av ein person som har på seg ein svart hettegenser.

Sinnemestring Brøset Modellen, SBM, er eit utdanningsprogram for fagfolk som møter kvinner og menn over 18 år, som har sinneproblematikk og som utøver vald i nære relasjonar.

Siste moglegheit til å få utdanninga i samarbeid med NFKT!

Vi vil gjere tenestestader som møter utøvarar av vald eller ungdom med aggresjonsproblematikk merksame på at dette er siste moglegheit til å få utdanninga i samarbeid med Norsk forening for kognitiv atferdsterapi (NFKT). 
 
Dette gir då trinn 1 i NFKT, slik at dei får godkjenning som kognitive terapeutar i høve til sinne, angst og depresjon: Vidareutdanning for helsepersonell med helse- og sosialfagleg bachelorutdanning.
 
Dette er ei utdanning som eigentleg kostar 17 600 kroner gjennom NFKT. 
 
Helsedirektoratet støtter med midlar slik at den totale kursavgifta er redusert til 4 000 kroner per deltakar. 
 

Kort om undervisningstilbodet

SBM bygger på kognitiv evidensbasert metode, og innføringsseminaret i kognitiv terapi er inkludert i kurset og godkjent av Norsk forening for kognitiv terapi.

Modellen er program- og manualbasert, og gir opplæring i gruppe- og individualbehandling. Det er utvikla manualar og arbeidsbøker for begge tilnærmingane og ein eigen manual for tilesette i kriminalomsorgen. Det er også ein ungdomsmanual.

Kva lærer du?

Deltakarane får fenomenforståing om vald, teoretisk kunnskap om kognitiv metode, samt praktisk øving i å drive sinnemeistringsgrupper.

Målgruppe

  • Tilsette i kommunale tenester innanfor psykisk helse, rusfeltet, barneverntenesta og ungdom med aggresjonsproblem.
  • Tilsette i familievernkontor, DPS, eller andre delar av spesialisthelsetenesta samt tilsette i kriminalomsorgen (friomsorg eller fengsel).

Søkjarar bør ha 3 årig helse- eller sosialfagleg utdanning.

Sinnemestringstilbodet må forankrast i leiinga, slik at det er mogeleg å praktisere i eiga verksemd.

Kjekt å vite

Utdanningsprogrammet er støtta av Helsedirektoratet, slik at det kun er ein eigenandel på 4000,- for heile utdanninga. Det vert servert lunsj. På nettsida dinutvei.no kan du sjå film om korleis ein blir møtt hos sinnemestring etter Brøsetmodellen.

Det blir arrangert årlege nettverkssamlingar for sinnemestringsterapeuter!

Sjå også www.sinnemestring.no 

 

Kontakt

Sanne Bach

Navn

Sanne Bach

Psykologspesialist

sacs@helse-bergen.no
Geir Olsen

Navn

Geir Olsen

Nestleiar / Områdeleiar vaksen

gjol@helse-bergen.no 95276729
Sist oppdatert 18.03.2026