Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sinnemestring Brøsetmodellen

Sinnemestring Brøsetmodellen er eit utdanningsprogram for fagfolk som møter utøvarar av vald i nære relasjonar.

Baksida av ein person som har på seg ein svart hettegenser.

Sinnemestring Brøset Modellen, SBM, er eit utdanningsprogram for fagfolk som møter kvinner og menn over 18 år, som har sinneproblematikk og som utøver vald i nære relasjonar.

Kort om undervisningstilbodet

SBM bygger på kognitiv evidensbasert metode, og innføringsseminaret i kognitiv terapi er inkludert i kurset og godkjent av Norsk forening for kognitiv terapi.

Modellen er program- og manualbasert, og gir opplæring i gruppe- og individualbehandling. Det er utvikla manualar og arbeidsbøker for begge tilnærmingane og ein eigen manual for tilesette i kriminalomsorgen. Det er også ein ungdomsmanual.

Kva lærer du?

Deltakarane får fenomenforståing om vald, teoretisk kunnskap om kognitiv metode, samt praktisk øving i å drive sinnemeistringsgrupper.

Målgruppe

  • Tilsette i kommunale tenester innanfor psykisk helse, rusfeltet, barneverntenesta og ungdom med aggresjonsproblem.
  • Tilsette i familievernkontor, DPS, eller andre delar av spesialisthelsetenesta samt tilsette i kriminalomsorgen (friomsorg eller fengsel).

Søkjarar bør ha 3 årig helse- eller sosialfagleg utdanning.

Sinnemestringstilbodet må forankrast i leiinga, slik at det er mogeleg å praktisere i eiga verksemd.

Kjekt å vite

Utdanningsprogrammet er støtta av Helsedirektoratet, og det er ingen kursavgift. Det vert servert lunsj. På nettsida dinutvei.no kan du sjå film om korleis ein blir møtt hos sinnemestring etter Brøsetmodellen.

Det blir arrangert årlege nettverkssamlingar for sinnemestringsterapeuter!

Sjå også www.sinnemestring.no 

Kontakt

Sist oppdatert 18.06.2025