Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Kurs

Oppmerksom på sjølvmordstankar, OPS!

Kurset gir auka merksemd på sjølvmordstankar og verktøy for korleis du kan gje innleiande hjelp.

Eit par menn som sit på ein benk

Tilgjengeleg på førespurnad

Undervisningstilbodet er tilgjengeleg på førespurnad.

Logoen til OPS-kurs

Kort om kurset

Kurset nyttar ulike læringsmetodar som førelesing, film, diskusjon og praktiske øvingar. OPS! blir undervist av godkjende kursleiarar.

Vivat selvmordsforebygging har ansvar for utdanning av kursleiarar og kvalitetssikring av kurset, som er utvikla av LivingWorks i Canada og brukt internasjonalt under nemninga safeTALK.

Kurset gir verktøy for å oppdage sjølvmordstankar og hjelpe personen vidare til rett hjelp.

Varigheit: Fire timar.

Målgruppe

Mange kan bidra til å førebyggje sjølvmord. Alle over 18 år kan delta.

Kva lærer du?

  • kome forbi haldningsbarrierar som gjer at du ikkje oppdagar, avviser eller unngår signal om sjølvmordstankar
  • oppdage menneske med sjølvmordstankar
  • bruke dei fire stega: fortel, spør, lytt og sørg for tryggleik for å hjelpe personen med sjølvmordstankar i kontakt med ein som kan gje førstehjelp ved sjølvmordsfare eller vidare hjelp


Er OPS! av interesse for deg eller din kommune/arbeidsplass/organisasjon, kontakt oss.

Kontakt:

Linda Thomassen

Navn

Linda Thomassen

Klinisk vernepleier

lth@helse-bergen.no 97674366
Sist oppdatert 16.12.2025