Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Meistrings- og stabiliseringskurs

Kompetanseprogram for kommunen om korleis drive meistrings- og stabiliseringskurs for traumeutsette.

To personar som gir ein klem til kvarandre.

Kort om kompetanseprogrammet

  • Målsettinga med kompetanseprogrammet er å gi deltakarane generell kunnskap om traumelidingar og traumesymptom, samt kunnskap om verktøy for å handtere desse.
  • Vidare korleis drive slike grupper med fokus på psykoedukasjon og meistring av traumesymptom samt betra fungering i kvardagen.

Programmet går over tre samlingar, kvar på to heile dagar med teori og prakiske øvingar.

Etter gjennomført program

  • Deltakarane skal kunne leie og gjennomføre grupper der fokus ikkje er på sjølve den traumatiske hendinga, men på auka forståing og betre handtering av traumesymptom
  • Deltakarane skal kunne auke gruppedeltakarane si meistring og livskvalitet i kvardagen
  • Deltakarane skal kunne gi gruppetilbod tilpassa si brukargruppe og i eit omfang og tidsramme som er mogleg å gjennomføre på det enkelte arbeidsstad.
  • Månadleg rettleiing frå RVTS Vest i eitt år, til deltakarane som har gjennomført opplæringa og som har starta gruppe. Rettleiinga vil vere mogleg å delta på både fysisk og på Teams.

For deltakarar frå små kommunar kan det vere hensiktsmessig med interkommunalt samarbeid, eller samarbeid mellom ulike einingar i same kommune.

Kva lærer du?

  • Generell kunnskap om traumer og traumereaksjonar
  • Kva er traumebehandling?
  • Kven eignar seg for eit slikt gruppetilbod - kartlegging og seleksjon
  • Grupper og gruppeprosessar
  • Psykoedukasjon*
  • Verktøy for regulering og mindfulness for traumeutsette
  • Triggarar og handtering av triggarar
  • Traumer og kropp
  • Overføring og motoverføring**
  • Korleis ivareta seg sjølv som hjelpar

Målgruppe

Programmet er primært for tilsette i kommunen, krisesentra og NOK-sentra som ønskjer å starte grupper for personar over 18 år som har traumesymptom, men tilsette i andre delar av hjelpeapparatet er også velkomne til å delta.

Viktig å vite

For å kunne delta i kompetanseprogrammet må ein forplikte seg til å vidare drive grupper for traumeutsette. Det er derfor viktig at det deltar 2-3 frå same arbeidsstad som kan drive grupper saman, evt. tenke interkommunalt samarbeid.

Kjekt å vite

Deltakarar frå Nok-senteret i Bergen, alle krisesentra i Vest og Hannas hus, gjennomførte programmet som blei avslutta februar 2025. Ved krisesenteret i Sogn og Fjordane starta dei opp gruppe i februar 2025 og Stavanger planlegg oppstart av gruppe hausten 2025.

 

*Psykoedukasjon handlar om å gi pasient og pårørande opplæring slik at dei kan forstå og ha innsikt i traumesymptoma. Dette reduserer angst og uvisse og fører til auka oppleving av kontroll, noko som i seg sjølv kan føre til symptomforbetring (Kjelde: Traumebehandling.no)

 

** Overføring tyder at pasienten viser reaksjonsmønster som stammar frå tidlegare erfaringar, og motoverføring tyder at terapeuten i møtet med pasienten viser reaksjonsmønster som stammar frå si tidlegare erfaring (Kjelde: Stø kurs, RVTS Nord)

 

Sist oppdatert 28.10.2026