Kronisk traumatisering og traumerelatert dissosiasjon
Kurs i kronisk traumatisering og traumerelatert dissosiasjon

Foto: © Prostock-studio - stock.adobe.com
Terapeutisk arbeid med kronisk traumatiserte menneske, det vil seie menneske som har vakse opp med omfattande vald, overgrep og omsorgssvikt, er komplekst og krev ei anna og meir omfattande metodikk og forståing enn ved enklare traumetilstandar. Skaden rammar relasjonen personen har til seg sjølv, korleis han eller ho opplever omverda og si relasjon til omverda. Det vil seie ei verd prega av stor grad av utryggleik, skam, indre konfliktar og ei fragmentert oppleving av seg sjølv og omverda. Symptombiletet er difor ofte omfattande, kan vere krevande for behandlarar å forhalde seg til, og kan overvelde og forvirre terapeuten. Endringsarbeidet krev at heile mennesket si fungering og opplevingar vert inkludert, og den terapeutiske relasjonen får difor også stor tyding.
Kort om kurset
I samarbeid med Arne Blindheim og Marianne Straume, arrangerer RVTS Vest kurs innan komplekse dissosiative lidingar. Foredragshaldarar er Arne Blindheim og Marianne Straume, som begge er psykologspesialistar og har lang klinisk erfaring frå traumefeltet.
Den teoretiske forståinga byggjer i hovudsak på teori om strukturell dissosiasjon av personlegdomen («The Haunted Self, Van der Hart, Nijenhuis & Steele, 2006), samt vidareutviklinga etter dette («Trinity of Trauma», bind 1–3, Nijenhuis 2015, 2017). Anna teori og forsking vil òg bli gjennomgått.
Kurset går over ca.1/2 år, med fire 3-dagars samlingar.
Etter kurset kan det bli mogleg å følge eit vidaregåande kurs*. Det er også mogleg å få rettleiing i mindre grupper i etterkant av kursa.
Kva lærer du?
Kurset gir ei grundig innføring i traumefeltet, med særleg fokus på komplekse traumetilstandar og traumerelatert dissosiasjon. Ein vil forstå komplekse symptombilete, og korleis tidleg traumatisering fører til ei indre fragmentering i personlegdomen og vanskar med integrasjon. Ein lærer ei heilskapleg form for behandling, der mennesket blir forstått på bakgrunn av korleis vi handlar på ulike grunnleggjande behov. Kurset gir innføring i korleis symptom er erstatningshandlingar for behov som ikkje blir møtt, eller som ein sjølv ikkje klarar å møte.Ein lærer korleis ein kan arbeide gradvis med å erstatte desse handlingane med meir adaptive handlingar.
Vidare vil det vere fokus på korleis terapeut og pasient kan arbeide med ulike fobiar mot mentalt innhald, tilknyting og dissosiative delar. Rollespel og videoar frå behandlingstimar vil vise korleis ein kan jobbe med indre stemmer og dissosiative delar, samt korleis integrere traumatiske minne. Ein får også møte pasientar som har gått i behandling for ei kompleks dissosiativ liding. Det blir lagt vekt på gjennomgang av forsking og differensialdiagnostikk.
Målgruppe
Kurs i kronisk traumatisering og traumerelatert dissosiasjon passar for psykologar, legar eller andre behandlarar med minimum 3-årig helse-/sosialfagleg utdanning. Ein bør ha ei klinisk arbeidssituasjon, som er tilrettelagt for terapeutiske samtalar. Kurset er først og fremst retta inn mot behandling av vaksne, men vil også ha eit barneperspektiv. Ein ser på korleis traumatisering startar og kjem til uttrykk hos barn, og vil vere nyttig for fagpersonar som arbeider med barn.
Viktig å vite
Det å arbeide med komplekse traumelidingar og dissosiasjon kan vere krevjande. Utdanninga gir eit solid grunnlag og ei tryggheit inn i dette arbeidet, og ei oppleving av å ikkje stå åleine som fagperson. Ein vil kjenne seg igjen i kvarandre sine opplevingar av utfordringar og gleder, og bli oppmuntra til eigen vekst som terapeut.
Ny runde opplæring i 2026
Vi arrangerer ei ny runde opplæring i 2026 (påmeldingsskjema).
Dato:
- 21.-23. april 2026
- 2.-4. juni 2026
- 22.-24. sept 2026
- 24.-26. nov 2026
Tidsplan:
- 1. dag: 1000 – 1700
- 2. dag 0900 –1600
- 3. dag 0900-1530 kvar av dei 4 gangane
Pris:
19.000,-
Påmeldingsfrist:
1. februar 2026
Stad:
RVTS Vest sitt kurslokale i Ulriksdal helsepark, Ulriksdal 2
Ta kontakt med Renate Haukeland om du treng faktura for utdanninga.
Ta kontakt med Sylvi Fiskerstrand for faglege spørsmål om utdanninga.
*Dette kjem vi tilbake til.
Kontakt
Meir informasjon
RVTS Vest starta samarbeidet med Klinikk for Krisepsykologi i 2021, og vi har hittil arrangert 2 utdanningsløp.