Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kriseteamskulen – Styrk di beredskap

Kriseteamskulen er eit undervisningstilbod retta mot kommunar, spesialisthelsetenesta og frivillige.

Eit nærbilete av to personar som held kvarandre sine hender.

Nye dagar med Kriseteamskulen 2025-2026

Skulen er designa for alle som ønskjer å forbetre sin kompetanse innan psykososial krisehandtering, og ingen forkunnskapar er naudsynte for å delta.
Vi arrangerer basedagar i Voss, Bergen og Haugesund, i tillegg til kursdag for leiarar i Stavanger og Bergen.

Dag 1: 

Lovkrav om psykososiale tiltak: Teamet sitt arbeid i møte med sjølvmord/brå død (Påmelding stengt)

Dag 2: 

Kva skjer med menneske i krise, og når barn og ungdom er råka eller berørte av hendinga (Påmelding stengt)

Dag 3:

Psykologisk førstehjelp og når krisa rammar våre fleirkulturelle innbyggjarar (Påmelding stengt)

Dag 4: 

Gir krisehandtering dobbel belastning for hjelparar? (Påmelding  Bergen  Haugesund  Voss)

Dag 5: 

Lovkrav og tilrådingar frå Helsedirektoratet om organisering av psykososiale tiltak for leiarar/stedfortredarar i kriseteam (Påmelding  Bergen  Stavanger)

Dag 6:

Frå 2026 ønskjer RVTS Vest å tilby kommunale kriseteam og lokale samarbeidspartnarar ei praktisk tilnærming, opplæring og øving i psykososial førstehjelp. I tillegg til etablert planverk for akutt beredskap og naudsynt teoretisk kunnskap, har jamlege øvingar mykje å seie for kvaliteten på hjelpa som blir gitt til innbyggjarane ved kriser, ulukker og katastrofar.

Øvingar i eige team styrkjer evna til å:

  • Meistre stressbelastningar under innsats
  • Redusere risikoen for psykiske reaksjonar etter store påkjenningar
  • Auke samhandlingskompetansen
  • Skape gjensidig forståing for ulike innsatsgruppers kulturar og arbeidsmåtar

Ta kontakt med Siri Lill Aaberg for avklaring av tid, sted og øvingsmomenter for ditt team i din kommune. Pris for dag 6 er kr 10 000. 

Målgruppe dag 6:

Deltakarar i kommunale kriseteam, frivillige organisasjonar, innsatspersonell, helse- og sosialarbeidarar og tverrfaglege tenester som møter barn, ungdom, familiar og vaksne i krise.

Innsatspersonell blir definert som «personell frå Forsvaret, brann-, rednings- og helsepersonell, politiet og andre innsatsgrupper».

Dersom kommunen din eller kriseteamet ditt sjeldan er i aksjon, og kanskje har fått nye medlemmar, ta kontakt med oss. Vi vil saman fylle dagen med øvingsmoment de treng påfyll og trening i.Bli med oss for å utvikle ferdigheiter som kan gjere ein forskjell i krisesituasjonar og bidra til å skape eit tryggare samfunn.

Praktisk 

Det er mogleg å delta på alle eller utvalde dagar. Deltaking inkluderer lunsj og kostar 600 kroner per person, per basisdag. Ved påmelding av fem eller fleire deltakarar samtidig er det mogleg å betale med faktura, send oss i så fall ein e-post om at de ønskjer dette. Kriseteamskulen går kun fysisk og det er ikkje mogleg å delta digitalt.

Spørsmål?

Siri Lill Aaberg.

Siri Lill Aaberg

Psykiatrisk sjukepleiar

simi@helse-bergen.no 92095171

 

Sist oppdatert 28.11.2025