Kompetanseutvikling rus og vald
Eit kompetanseprogram for helseinstitusjonar som møter pasientar eller brukarar med rus- og valdproblematikk.
Illustrasjon: Rus og vold
Tilgjengeleg på førespurnad
Undervisningstilbodet er tilgjengeleg på førespurnad, og kan tilpassast di teneste.
Kort om kompetanseprogrammet
Saman med KORUS Bergen og KORUS Stavanger tilbyr RVTS Vest Kompetanseutvikling rus og vold.
Programmet består av 6 moduler:
- Grunnmodulen
- MI-modul
- Modul med basiskartlegging
- Modul om anabole androgene steroider
- Modul om integrert behandling av rus og vald
- VR-modulen
Kompetanseprogrammet er ei blanding av e-læring og fysiske modular.
Det er 2 modular som er rein e-læring og 4 modular med fysisk oppmøte. Totalt fysisk oppmøte er 5,5 arbeidsdagar. Siste fysiske samlinga består av opplæring ved hjelp av VR-simulering.
Kva lærer du?
Deltakarar blir tryggare på å snakke med pasientar og brukarar om rus og vald, og dei får verktøy til å jobbe integrert med begge tema.
Målgruppe
Tilsette og leiarar ved helseinstansar som møter pasientar eller brukarar som har utfordringar med rus og utageringsproblematikk. Dette gjeld både for førstelinje og andrelinje. Tilbodet kan òg vere aktuelt for ideelle organisasjonar og frivillige som møter same målgruppa.
Tidligere har to avdelingar innan AFR og to DPS FACT-team delteke i opplæringa, samt kommunale oppfølgingsteam ved dei to DPS. Vidare har Funkishuset i Sandnes og Mestringseininga i Sandnes kommune delteke. Det har vore ca. 90 tilsette som har delteke på opplæringa.
Kjekt å vite
Klikk her for tips til implementering, dersom du er leiar.
Klikk her for å høyre om erfaringar frå tidlegare deltakarar.
