Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kompetanseprogram for grupperettleiarar

Eit kompetanseprogram for deg som er grupperettleiarar for tenester som jobber med menneske med mangfoldig bakgrunn.

Ei gruppe menneske som sit rundt eit bord

Tilgjengeleg på førespurnad

Undervisningstilbodet er tilgjengelegførespurnad, og kan tilpassast di teneste.

Om kompetanseprogrammet

Kompetanseprogrammet er utvikla for å styrke dei faglege, metodiske og relasjonelle kompetansane til gruppe­rettleiar. 

Programmet skal bidra til auka tryggleik i rettleiingsrolla og styrke rettleiarane si evne til eigen ivaretaking og prosessleiing.

Kva lærer du?

  • Arbeid med verdiar, haldningar og organisasjonskultur
  • Grunnleggande traumeforståing, migrasjon og helse, kultursensitiv rettleiing
  • Korleis ivareta medarbeidarar og førebyggje fysisk og psykisk uhelse
  • Betydninga av psykologisk tryggleik og eit godt ytringsklima på arbeidsplassen
  • Prosessleiing i gruppe­rettleiing
  • Roller, dynamikkar og gruppeprosessar
  • Praktiske verktøy for å styrke kompetansen i gruppe­rettleiing

Målgruppe

Tenester som jobbar med menneske med mangfoldig bakgrunn – for eksempel flyktningtenester, NAV, barnevernet og karriereveiledningssentre.

Kjekt å vite

Hausten 2025 har grupperettleiarar frå heile NAV Vestland starta med kompetanseprogrammet.

Kontakt

Sist oppdatert 09.12.2025