Førstehjelp ved sjølvmordsfare (VIVAT-kurs)
Kurset gir kompetanse til å oppdage signal om sjølvmordstankar og gje førstehjelp ved sjølvmordsfare.

Tilgjengeleg på førespurnad
Undervisningstilbodet er tilgjengeleg på førespurnad.

Sjølvmord er eit komplekst samfunnsproblem. Mange kan lære å gje førstehjelp ved sjølvmordsfare. Kurset gir handlingskompetanse som kan bidra til å berge liv.
Kort om kurset
Du blir meir medviten om eigne haldningar til sjølvmord. Kursleiarane går gjennom kunnskap om sjølvmordsåtferd og viser ein modell for intervensjon ved sjølvmordsfare. Vi øver på å bruke modellen.
Varigheit: To påfølgjande dagar.
Målgruppe
Kurset passar for deg som til dømes arbeider i helse- og sosialsektoren, undervisningssektoren, politiet, brann- og redningstenesta, forsvaret eller eit trussamfunn. Kurset passar òg for deg som engasjerer deg i frivillig arbeid eller ønskjer å lære å gje førstehjelp ved sjølvmordsfare. Aldersgrense: 18 år.
Kva lærer du?
Du lærer å:
- oppdage menneske som har det vanskeleg og kan vere i sjølvmordsfare
- stille direkte spørsmål om sjølvmordstankar
- hjelpe personen i sjølvmordsfare til å snakke om det som er vanskeleg
- arbeide med uvisse om å leve eller døy
- lage og setje i verk ein plan saman med vedkomande, der målet er å berge liv
bruke hjelperessursar i lokalsamfunnet
Kurset nyttar ulike læringsmetodar som førelesing, film, diskusjon, erfaringsutveksling, praktiske øvingar og arbeid i grupper. Kurset er prosessorientert og har ei fagleg og pedagogisk oppbygging som krev full deltaking begge kursdagane.
Godkjenningar
- Den norske legeforening: Emnekurs/klinisk emnekurs i psykiatri til vidare- og etterutdanning i allmennmedisin (16 poeng). Valfritt kurs under spesialisering og for spesialistane si etterutdanning i samfunnsmedisin (14 timar).
- Fagforbundet: Teljande til klinisk fagstige for hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar (14 timar)
- Norsk ergoterapeutforbund: Spesialistspesifikt kurs meritterande til ergoterapispesialist i allmennhelse og mental helse (12 timar)
- Norsk psykologforening: Fritt spesialkurs (14 timar) og vedlikehaldskurs (14 timar)
- Norsk sykepleierforbund: Merittering for godkjenning til klinisk spesialist i sjukepleie/spesialsjukepleie (14 timar)
- Norsk gestaltterapeutforening: 12 timar profesjonell fagleg oppdatering i kategori D2
Førstehjelp ved sjølvmordsfare blir undervist av godkjende kursleiarar. Vivat selvmordsforebygging har ansvar for utdanning av kursleiarar og kvalitetssikring av kurset. Kurset er utvikla av LivingWorks i Canada og blir brukt internasjonalt under nemninga ASIST – Applied Suicide Intervention Skills Training.

