Kort om undervisningstilbodet
Den tverrfaglege opplæringa utrustar tilsette i hjelpeapparatet med ein haldnings- og handlingskompetanse til å kunne jobbe førebyggande, miljøterapeutisk og klinisk med negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.
Tema for samlingane:
- Negativ sosial kontroll og æresrelatert vald i ulike kontekstar
- Vald og traumer
- Migrasjon, akkulturasjon (kulturell endring som skjer i møtet mellom to kulturar) og transnasjonale familieliv (familieliv på tvers av landegrenser)
- Dialog, kultur og kommunikasjon
- Risiko og utfordringsbilete
Kva lærer du?
- Du lærer å identifisere, forstå og analysere kva mekanismar som ligg bak negativ sosial kontroll og æresrelatert vald i ulike samfunnskontekstar.
- Du får fagleg forankra kunnskap og metodiske ferdigheiter til å jobbe førebyggande, miljøterapeutisk og klinisk med desse problemstillingane.
- Det blir lagt særleg vekt på fenomen- og prosessforståing av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, vald og traumer, migrasjon, akkulturasjon og transnasjonale familieliv , samt dialog og kommunikasjon, tverrkulturell konfliktmegling og risikovurdering.
- Som deltakar utviklar du profesjonell handlings- og haldningskompetanse i arbeidet med råka individ, familiar og miljø.
Målgruppe
- Primærmålgruppa er tilsette i 1. og 2. linjetenesta: barnevern, skule, utekontakt, flyktningteneste, krisesenter, rus og psykisk helse, familievern, politi, BUP og DPS, og andre som jobbar direkte med målgruppa i sitt virke.
- Sekundærmålgruppa er avdelingsleiarar og tilsette på systemplan som har eit særansvar på fagfeltet.
Kontakt