Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ein god midlertidig heim

Kompetanseprogram for tilsette i mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar.

Eit unge par menn som spelar sjakk

Om kompetanseprogrammet

Programmet bygger på̊ tidlegare erfaringar med Et godt midlertidig hjem (Utvikla av RVTS Sør) og Veileder i traumebevisst og relasjonsbasert omsorg. Programmet vert gjennomførd i kvart enkelt mottak og er for alle tilsette.

Kva lærer du?

  • Utvikle kompetanse, verdiar/haldningar og ta i bruk enkle metodiske verktøy som gir grunnlag for god traumebevisst- og relasjonsbasert omsorg
  • Styrke barne- og flyktningefagleg kompetanse.
  • Meistrings- og ressursfokus i kvardagen med auge for kva ungdommane lykkast og bidreg med
  • Støtte ungdommane i daglege utfordringar, deira uavklarte livssituasjon og håp for fremtida
  • Medvirke til trygge og ivaretakande vaksne som er sensitive for ungdommane sine behov
  • Auka forståing og tryggleik i møte med brukarar som har opplevd omfattande traumatisering
  • Fokus på arbeidsmiljø og trivsel, som eit viktig grunnlag for å stå samla og godt rusta til å vere gode hjelparar
  • Forstå samanheng mellom traume og reaksjonar
  • Felles språk, forståing og tilnærming

Målet med programmet er å bidra til eit fagleg godt omsorgstilbod for einslege mindreårige asylsøkjarar i mottak. Programmet kan tilpassast lokalt etter behov på det enkelte mottak.

Krav

Det skal vere eit innleiande og avsluttande møte med mottaksleiar, barnefagleg ansvarlege og eventuelt andre fagansvarlege i kvart enkelt mottak, samt  kontakt med leiing undervegs i prosjektperioden. 

Program

Avklaringsmøte

Møte i forkant av Samling 1 (2-3 timar). 

På møtet deltek mottaksleiar, barnesakkyndig ansvarleg og evt. andre ressurspersonar.

Målet med møtet er å forankre kompetanseutviklingsprogrammet.

Samling 1: Grunnkurs i traumeforståing

2 dagars grunnkurs i traumeforståing og traumebevisst omsorg. Kurset er særleg tilpassa arbeid med flyktningar og asylsøkarar.

Samling 2: Verdi- og haldningsarbeid. Traumebevisst- og relasjonsbasert omsorg i eit flukt- og migrasjonsperspektiv.

Arbeid med verdibasert og haldningsorientert arbeid som grunnlag for traumebevisst- og relasjonsbasert omsorg. 

Samling 3: Narrativ praksis. Tankekart med tilsette. Sjølv- og kollegahandsaming

Innføring i forståing av narrativ tilnærming og praksis, og arbeid med Tankekartet som metode. Fokus på sjølvhjelp og korleis kollegaer kan støtte kvarandre. Praktiske øvingar.

Samling 4: Narrativ praksis. Tankekart med ungdomane

Arbeid med ungdomar og tilsette saman, der ungdomane jobbar med sine individuelle Tankekart. 

Samling 5: VIVAT

Vivat gir kunnskap om sjølvmordsåtferd og viser ein modell for intervensjon ved sjølvmordsfare. Kurset gjev høve til å verte meir bevisst eigne haldningar til sjølvmord. Praktiske øvingar er sentrale i kurset.

Oppsummering og evaluering

Erfaringsinnhenting med mottaksleiar og barnesakkyndig ansvarlege og evt. andre ressurspersonar.

Samling 6 og 7: Oppfølgingsdagar

Tema for desse dagane blir planlagt i samarbeid med mottak og ut frå deira behov.

Sist oppdatert 27.04.2025