Til deg som er rektor, styrar, SFO-leiar, avdelingsleiar, teamleiar
Slik kan du trygt leie kompetansepakken med dei fem modulane
Kvar modul er bygd opp på same måten. Det er nødvendig at du gjennomgår modulen før du leier den, gjer det gjerne saman med leiar-teamet ditt.
- Ramma er 90 minutt.
- Dei fleste modulane har to fagfilmar som begge er etterfølgt av eigenrefleksjon og lærande fellesskap.
- Velkomst. Viktig at du gir medarbeidarane ein varm velkomst der du legg inn dine eigne ord i tillegg til tema for dagen (introtekst) Maks 5 minutt.
- Alle fagfilmar er på 4-9 minutt.
- Alle individuelle refleksjonar er på 3 minutt.
- Alle lærande fellesskap varer i 30 minutt. I lærande fellesskap er det viktig at alle kjem til orde. Du kan eventuelt gje ansvar til ein per gruppe å passe på dette.
- 🧘♀️Gje dei ein strekkaktivitet midt i modulen, etter lærande fellesskap. Enkle hjernevenlege øvingar som regulerer kroppen og fornyar konsentrasjonen.
- Avrunding. Du har litt fleksibilitet i tida på velkomst og avslutning, avhengig av tidsbruk på fagfilmane.
Vi har fått et felles språk. Det hjelper oss på veien til å bli mer inkluderende for alle barn i barnehagene og skolene våre. Vi har fått bedre forståelse for å møte barn med ulike utfordringer.
Hjernevenlege øvingar
Hjernevenlege øvingar (Brain Breaks) er korte, energigivande aktivitetar som aukar blodgjennomstrømminga til hjernen slik at den får ny oksygen og dermed kan hjelpa med fokus og konsentrasjon.
Tidsramme på ulike delar i kompetansepakken
Velkomen/introduksjon og avrunding: Inntil 5 minutt
Alle fagfilmar: 4-10 minutt
Refleksjonsspørsmål individuelt: 3 minutt
Lærande fellesskap: 30 minutt
Vi beveger på oss – mini-strekk: 3 minutt
Sist oppdatert 04.06.2025