Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein person i ein blå kjole held eit barn

skule

Utviklingstraumer og barnesyn

Moglegheitene eg får gjennom korleis eg tenker om barn sine reaksjonar

Innhald:

Vi treng alle eit fagleg fundament å handle ut frå når vi blir usikre. Teori om utviklingstraume kan vere eit slikt fundament som gjer deg tryggare i praksisen din.

Verdiane våre, haldningane våre og kunnskapen vår påverkar både elevsynet vårt og språket vi brukar når vi snakkar med og om barn.

Film: Grunnleggande traumeforståing

Vi etablerer ei forståing av kva utviklingstraume er, forklarar eit utviklingsperspektiv på traumatisering, og gir innblikk i kva for konsekvensar traume kan ha for helsa og fungeringa til barn.

Du har no lytta til den teoretiske forståingsramma innan traumefeltet.

  • Kan denne forståingsramma fungere som fundament for korleis du forstår og møter barn i klasserommet?
  • Kan dette faglege fundamentet hjelpe deg når du blir overvelda eller usikker i møte med barns reaksjonar?

Open refleksjon.

  • Korleis kan denne kunnskapen vere ei støtte for deg og dykk i kollegiet?
  • Kva opplevast vanskeleg for deg/dykk?

Den yngste i gruppa passar på tida. Den nest yngste passar på at alle får ordet.

🧘‍♀️ Sansemotorisk minipause

Film: Ditt barnesyn

Å dele eit felles barnesyn som grunnlag for korleis vi møter barn sine reaksjonar.

Eit positivt barnesyn er avgjerande for å kunne møte kvart enkelt barn på den måten barnet har behov for.

Eit positivt barnesyn handlar om å sjå alle barn som viktige bidragsytarar til eit godt læringsmiljø.

  • Kva treng du for å halde fast ved eit positivt barnesyn – også i situasjonar der du blir utfordra?
  • Har du nokre mønster du ofte gjentek?

Barn treng å bli møtt med varme, bli trudd på og bli tekne på alvor.

Kor vanskeleg eller lett er det for deg å eigje og handle ut frå eit slikt elevsyn?

Runde i gruppa: Kvar deltakar deler i eitt minutt. Deretter open refleksjon.

Avslutning

Takk for i dag – lukke til med små endringar som over tid kan gjere at barn får det betre, og at du får det betre på skulen.

Sist oppdatert 04.08.2025