Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
To damer, sett bakfrå, som held rundt kvarandre

skule

Reguleringsstøtte der det skjer

Moglegheitene eg får gjennom å regulere meg sjølv i møte med elevar som treng reguleringsstøtte.

Innhald

Reguleringsstøtte kan hjelpe både vaksne og barn i relasjonar og situasjonar som utfordrar.

  • Moglegheitene som ligg i den vaksne si evne til å regulere seg sjølv
  • Moglegheitene som ligg i å gi eleven gode regulerande erfaringar

Kunnskap om reguleringsstøtte kan hjelpe den vaksne til å forstå eigne og andre sine reaksjonar i krevjande situasjonar. Kunnskap om reguleringsstøtte, regulerande erfaringar og samregulering kan hjelpe læraren til å møte elevane med regulerande omsorg og bidra til at elevane får positive regulerande erfaringar.

Case:

Brage er 12 år. Foreldra hans står midt i eit konfliktfylt samlivsbrot. Dette gjer at han bekymrar seg mykje for framtida og slit med konsentrasjonen på skulen. Åtferda hans har blitt merkbart meir utfordrande den siste tida. Han framstår ofte uregulert og reagerer emosjonelt og aggressivt på hendingar frå både medelevar og vaksne i klasserommet. Dette gjer at han står utanfor det sosiale og faglege fellesskapet i klassen. Læraren er fortvila, og ofte endar det med at Brage blir sendt ut av klasserommet. I «kampens hete» gløymer dei vaksne kva han står i heime.

  • Kva trur du Brage treng for å kunne fungere og trivast i klassen?

Film: Reguleringsstøtte og regulerande erfaringar i klasserommet

I denne fagfilmen tek vi teoriane om reguleringsstøtte inn i klasserommet, inn i dialogen og inn i relasjonen. Vi prøver å sjå korleis vi vaksne i praksis både kan vere uregulerte og regulerte – og korleis dette påverkar elevane si regulering.

Dette er ikkje ein «quick fix». Endring skjer gradvis, i takt med den vaksne si evne til å regulere seg sjølv i møte med utfordrande uttrykk frå elevane. Nokre gonger treng barnet å bli møtt trygt mange gonger før vi ser verknaden.

  • Kor stor bevisstheit har du om korleis dine reaksjonar kan regulere eleven du kommuniserer med?
  • Kva skjer i deg når du høyrer at du ved å absorbere stresset til barnet/den unge kan gi ro tilbake?

Ta ei runde i gruppa først, der ein og ein deler med dei andre i 1-2 minutt: Del eigne refleksjonar om korleis du tenker du brukar eller kan bruke reguleringsstøtte bevisst i møte med elevar som skrik, kastar, slår.

Åpen refleksjon om i kva grad de "har tru på" at dette faktisk verkar over tid. Kan du "lene deg til" dette teorigrunnlaget og endre noko i dine eigne reaksjonar for å gjere elevar tryggare og mindre aktiverte/uregulerte?

Yngste tilsett leiar, eldste tilsett held tida.

🧘‍♀️ Sansemotorisk minipause

Filmar: Jammen, korleis gjer vi det då? 

Regulerende kommunikasjon som nøkkel til forandring i situasjonen?

God klasseleiing og trygg undervisning er god regulering. I denne fagfilmen skal de få bli med oss inn i klasserommet på 4. trinn. Filmen viser korleis ein lærar som blir frustrert og overvelda, kan bruke reguleringsstøtte som verktøy i krevjande situasjonar – og korleis vi kan reparere i dialogen med eleven i etterkant, samt søkje rettleiing hos ein kollega.

  • Kva skjer med klassemiljøet når læraren er stressa og uregulert?
  • Kva skjer med læraren når ho prøver å regulere seg sjølv?
  • Kva skjer med eleven når han eller ho opplever regulerande omsorg?
  • Kva skjer med klassemiljøet når læraren er medviten om klasseleiinga si og praktiserer reguleringsstøtte i klasserommet?

Vi øver litt – for å kjenne på kroppen korleis det kan kjennast når vi brukar reguleringsstøtte medvite i møte med barn som utfordrar oss.

Reguleringsstøtte: "Øvingsark" – Lærande fellesskap

Kroppsspråk, mimikk og tonefall påverkar korleis andre responderer på oss. Nokre barn er særleg sårbare for uregulerte vaksne. Korleis vi framstår kan auke eller redusere stressresponsen til barnet.

Gruppeoppgåve:

Gå saman i grupper på tre. Alle tre skal ha alle tre rollene i løpet av økta på 30 minutt. Det vil seie 10 minutt per øving, inkludert refleksjon.

Person 1 tek rolla som vaksen, person 2 tek rolla som barn (vel alder sjølv). Person 3 observerer.

Person 1 startar med å vise ei kjensle overfor barnet. Person 2/barnet følgjer opp med korleis det kjennest. Etter kvar “demonstrasjon” skal person 3 innleie ei refleksjonsrunde saman med dei andre.

Person 1 og 2 øver på situasjonar der den vaksne viser ulike kjensler eller tilstandar. Bruk følgjande tilstandar/uttrykk og reflekter i tråd med instruksjonane over. Person 1 vel sjølv kulepunkt/kjensle.

  • Vis sinne! Korleis ser du ut og blir oppfatta når du er sint fordi eit barn ropar stygge ord etter deg? Kva effekt har det på den som er nær når du blir sint?

  • Vis redsle! Korleis ser du ut når du blir redd fordi eit barn kastar sekken sin på deg? Korleis kan andre skilje mellom reaksjonen din når du blir redd og når du blir sint?

  • Vis fortviling! Korleis ser du ut og korleis uttrykkjer du deg når du blir fortvila eller lei deg?

  • Vis utryggleik! Korleis ser du ut når du er utrygg? Kan det du viser bli oppfatta som ei anna kjensle eller tilstand?

  • Ver roleg og regulert! Korleis ser du ut når du er roleg og avslappa? Kva effekt trur du det har på utrygge barn og unge dersom du framstår som roleg i oppheta situasjonar?

Avslutning

Vi veit at det nokre gonger er svært trugande situasjonar (bruk av kniv/slåsting) der vaksne ikkje kan ta sjansen på at regulerande omsorg åleine skal roe ned situasjonen. Nokre gonger er det best at elevane går ut av rommet, andre gonger er det lurt at den trugande eleven går ut. Det vi veit, er at vaksne sitt eskalerande sinne sjeldan har god effekt.

Takk for engasjement og nysgjerrigheit, takk for i dag!

Sist oppdatert 04.06.2025