Gå gjennom mål, case og introduser film og oppgåver.
Denne kompetansepakken inneheld ei gjennomgang av fagstoff, demonstrasjonar, øvingar og verktøy som alle tilsette kan ta i bruk. Ved gjennomføring av kompetansepakken kan vi saman utvikle gode prosessar som gir grunnlag for kollegastøtte, kritisk refleksjon og rettleiing – og slik bidra til eit regulerande og lærande fellesskap på vår arbeidsplass.
Case:
Anne – kontaktlærar på 9. trinn, Julie – kontaktlærar på 5. trinn, og Nils – kontaktlærar på 2. trinn opplever at det er svært krevjande å stå i konfrontasjonar og ubehagelege situasjonar med elevane sine. Dei kjenner på motløyse og manglande motivasjon for å halde fram i læraryrket. Arbeidssituasjonen pregar både den fysiske og psykiske helsa, og dei har begynt å sove dårleg om nettene og gruar seg til jobb.
Dei har over tid delt utfordringane sine på trinnmøta og møtt forståing frå kollegaene. Likevel opplever dei situasjonen som fastlåst. Dei treng meir enn forståing – korleis kan dei kome vidare?
Det er då avdelingsleiar tilbyr rettleiing med kritisk refleksjon.
Film: Eit regulerande arbeidsmiljø utviklar det faglege fellesskapet
🧘♀️ Sansemotorisk minipause
Film:
Lærande fellesskap med kritisk refleksjon kan forandre og utvikle både den enkelte tilsette og barna/ungdomane, fordi vi er i eit samspel.
Innhaldet i dei neste fagfilmane viser i praksis korleis vi kan gå frå å fortelje til å reflektere rundt utfordrande situasjonar vi har opplevd.