Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein person som har på seg ein blå og kvit kjole med grøn og kvit sløyfe

skule

Mentalisering, triggarar og stressreduksjon

Moglegheitene eg får gjennom å vere medviten om mentalisering, triggarar og stressreduksjon.

Innhald

  • Moglegheitene vi får gjennom mentalisering, som hjelper oss å forstå både barnet og oss sjølve.
  • Moglegheitene som ligg i å forstå elevane sine reaksjonar gjennom eit trigger- og stressperspektiv.

Mentale evner handlar om å kunne sjå bak åtferda til eleven – å sjå og forstå han eller ho innanfrå. Mentalisering handlar òg om å kunne sjå seg sjølv så godt innanfrå at ein kan sjå seg sjølv utanfrå.

Film: Fremme mentalisering

Kunnskap om mentalisering kan gi støtte til verksame måtar å både forstå og regulere barn på, slik at dei kan oppleve seg trygge – sjølv midt i det som kjennest utrygt eller vanskeleg. Kunnskap om triggarar og stress kan hjelpe oss å ta trygge val i møte med elevar som utfordrar oss med sterke reaksjonar.

Reflekter over følgande spørsmål i møte med barn som utfordrar deg:

  • Kva skjer med deg når du skal prøve å sjå eleven innanfrå?
  • Kva skjer med deg når du prøver å sjå deg sjølv utanfrå?
  • Kva skjer med deg når du prøver å ta inn dei andre elevane sine opplevingar i situasjonen?

Åpen refleksjon

  • Korleis kan mentalisering nyttast av tilsette i skulen for å forstå elevens uro?
  • Kva påverknad har barnets uro på den vaksnes evne til å mentalisere?

Den yngste i gruppa passar på tida. Den nest yngste passar på at alle får ordet.

🧘‍♀️ Sansemotorisk minipause

Film: Triggar- og stressreduksjon

Innhaldet i neste fagfilm handlar om at barn blir påverka av sanseinntrykk som kan opplevast som triggarar og stress.

Filmen handlar om korleis medvit rundt universelle triggarar kan hjelpe oss vaksne å tenkje i forkant og vere førebudde før eleven reagerer. Dette kan vere stressreduserande for eleven.

Dette kan vi øve på!

  • Kva tenkjer du om kunnskapen om korleis elevar blir påverka av sanseinntrykk, inkludert at dei også blir påverka av deg?
  • Kva gjer det med deg å erkjenne denne kunnskapen?

Vi øver.

Desse små øvingane gjer vi for å kjenne korleis det kan vere å endre orda vi brukar i møte med elevar som triggar oss med si åtferd og reaksjonar.

Øvinga kan verke banal, men den kan vere virkningsfull. Øving viser seg å ha betre effekt enn at nokon seier til deg kva du kan seie/gjere. "What you practice, you will be very good at".

Om de heller vil bruke andre ord enn dei som er i øvinga, er det ok, men poenget er at orda skal vere prega av at du brukar kunnskap om utviklingstraumer, barnesyn, mentalisering, trigger og stressreduksjon.

Øving til fagfilm om triggarar og stressreduksjon – frå ein barneskulekvardag

Organisering:

  • 3 deltakarar saman
  • Fordel roller: éin vaksen, éin elev, éin observatør
  • Alle skal ha alle tre rollene i løpet av 30 minutt

Klasseromssituasjon 1 – reaksjonsmønster utan bevisst stressreduksjon

  • Lærar går mellom pultane og kjem borti pulten til Amir
  • Amir skvett til og ropar: «Eg hatar deg!»
  • Vaksen bøyer seg mot Amir, ser han rett i auga og seier: «Slik snakkar du ikkje til meg!»
  • Amir kastar boka i golvet og spring ut

Klasseromssituasjon 2 – med bevisst stressreduksjon

  • Lærar går mellom pultane og kjem borti pulten til Amir
  • Amir skvett til og seier: «Eg hatar deg!»
  • Vaksen stoppar roleg opp, tek eit steg tilbake eller set seg ned litt på skrå, og seier:
    «Unnskyld, Amir. Eg meinte ikkje å kome borti deg. Korleis går det?»
  • Amir sit urolig på stolen og gøymer seg i hetta

Avslutning:

  • Del korleis situasjonen opplevdest
  • Refleksjonsspørsmål:
    • Kva skjer når vi endrar responsen vår?
    • Korleis var det å vere den vaksne?
    • Korleis var det å vere barnet?

Øving til fagfilm om triggarar og stressreduksjon – frå ein ungdomsskulekvardag

Organisering:

  • 3 deltakarar saman
  • Fordel roller: éin vaksen, éin elev, éin observatør
  • Alle skal ha alle tre rollene i løpet av 30 minutt

Klasseromssituasjon 1 – reaksjonsmønster utan bevisst stressreduksjon

  • Vaksen«Ver stille alle saman, vi skal i gang med engelskleksa på side 50!»
  • Sofia«Drittlekse!»
  • Vaksen«Sofia, ver stille. Det hjelper ikkje det der.»
  • Sofia«Jo, det hjelper masse!»
  • Vaksen går bort til Sofia, støttar seg på pulten hennar og seier: «Slutt, seier eg.»
  • Sofia«Gå vekk!»
  • Vaksen«Eg går når du har roa deg.»
  • Sofia«Gå vekk, sa eg!»

Klasseromssituasjon 2 – med bevisst stressreduksjon

  • Vaksen«Ver stille alle saman, vi skal i gang med engelskleksa på side 50!»
  • Sofia«Drittlekse!»
  • Vaksen ser roleg mot Sofia, pustar med magen og seier:
    «Det er greitt om de ikkje har gjort leksa – no gjer vi det saman.»
  • Sofia«Drittlekse!»
  • Vaksen«Viss nokon synest ho var vanskeleg, er det heilt greitt. Vi gjer ho saman no.»
  • Sofia ser ned i pulten
  • Vaksen«Viss lekser gjer dykk stressa, kan de seie frå til meg. Lekser kan vere nyttige, men av og til kan dei vere irriterande eller vanskelege. Det er heilt greitt. La oss lese saman – eg startar.»
  • Sofia kikkar forsiktig opp mot læraren

Avslutning:

  • Del korleis situasjonen opplevdest
  • Refleksjonsspørsmål:
    • Kva skjer når vi endrar responsen vår?
    • Korleis var det å vere den vaksne?
    • Korleis var det å vere den unge?

Avslutning

Det vi har gått gjennom, reflektert over og øvd på i dag, er noko de skal ta med dykk i møte med ulike utfordrande situasjonar knytt til elevane sine reaksjonar. Det er gjennom medviten og gradvis utprøving at vi kan klare å møte elevane på tryggare, meir verksame og ivaretekande måtar.

Lukke til med å jobbe inn kunnskapen om mentalisering, trigger- og stressreduksjon, slik at det blir betre kommunikasjon mellom deg og elevar som utfordrar deg med sine reaksjonar.

Gjennom å forstå eleven innanfrå og redusere stress, vil både du og alle elevane få ein betre skuledag.

Takk for i dag!

Sist oppdatert 04.06.2025