Før og etterarbeid skulen
Her er ressursar til forarbeid og etterarbeid til dei ulike modulane.
1. Utviklingstraumer og barnesyn
Case:
Gut 11 år. Seier nesten ingenting i klassen, verkar avvisande og tverr overfor deg. Du har prøvd å nå inn til han, men då «flerrar» han til deg. Dette skjer òg når du ber han levere inn prøver eller hugse gymklede han ofte gløymer. Han går med hetta over hovudet. Det irriterer deg – du har bede han utallege gonger om å ta den av. Du har skrive fem avvik i Compilo på åtferda hans. No tenkjer du at du må finne på noko nytt, for det har ikkje hjelpt.
Forarbeid:
Elevsynet er grunnmuren som kan gjere alle vaksne tryggare. Elevsynet oppsummerer ei retning vi som skule trur på – det som skal rettleie oss i best mogleg retning når vi møter elevar som til dømes utfordrar oss ved å vere passive, utagerande eller lite tilgjengelege.
- Fredagsfokus: Triggere og traumer ut til folket - podcast om at traumebearbeiding skjer heile tida, ikkje berre i terapirommet.
- Med kjeft og disiplin risikerer vi å eskalere en allerede vanskelig situasjon – RVTS Sør
- Jo, visst skal vi sette grenser – RVTS Sør
Etterarbeid:
Individuell øvelse:
Neste gong du opplever ein krevjande situasjon i møte med ein elev, kan du tenkje på om du kan endre noko i måten du møter hen på – kva du seier, korleis du ser ut? Kan du puste litt ekstra med magen i situasjonen?
Lese artikkel:
Tilrettelegging av skolehverdagen for elever med traumer (Utdanningsnytt)
Tilleggsressursar:
2. Mentalisering, triggar- og stressreduksjon
Case:
Amir er 9 år. Han har vakse opp i ein sårbar omsorgssituasjon og har vore vitne til vald i nære relasjonar over tid. Amir viser ein del utfordrande åtferd på skulen. Han reagerer med aggresjon og avvising når lærarar eller miljøarbeidarar prøver å få kontakt. Amir er òg ofte i konflikt med medelevane. Han misforstår lett intensjonane til andre og kan reagere fysisk og verbalt dersom han opplever å bli utfordra eller møter krav.
Dette fører til at Amir ofte står utanfor det sosiale og faglege fellesskapet på skulen. Dei vaksne forstår ikkje dei sterke reaksjonane hans. No har dei begynt å observere kvarandre i kontakten med Amir. Dei ser på triggarar og stress. Då skjer det noko.
Forarbeid:
Kunnskap om mentalisering kan gi støtte til verksame måtar å både forstå og regulere barn på, slik at dei kan oppleve seg trygge – sjølv midt i det som kjennest utrygt eller vanskeleg. Kunnskap om triggarar og stress kan hjelpe oss å ta trygge val i møte med elevar som utfordrar oss med sterke reaksjonar.
- Toleransevinduet, v/ Dag Ø. Nordanger
- Hjerneopplysning for barn, RVTS Sør
- Forstå barnet (mentalisering), Livetogsånn
Etterarbeid:
Forslag til korleis øve på mentalisering og triggarjakt
Gjenkjenn at barn trigger oss | Skolerom.no
Lese artikkel:
Tilrettelegging av skolehverdagen for elever med traumer (Utdanningsnytt)
Tilleggsressursar:
-
Toleransevindumodellen i skolen | Tidsskrift for Norsk psykologforening (psykologtidsskriftet.no)
-
Slik kan lærere forstå og ivareta traumatiserte elever best mulig (utdanningsnytt.no)
Kunnskapsgrunnlag:
3. Reguleringsstøtte - i situasjonen når det skjer
Case:
Brage er 12 år. Foreldra hans står midt i eit konfliktfylt samlivsbrot. Dette gjer at han bekymrar seg mykje for framtida og slit med konsentrasjonen på skulen. Åtferda hans har blitt merkbart meir utfordrande den siste tida. Han framstår ofte uregulert og reagerer emosjonelt og aggressivt på hendingar frå både medelevar og vaksne i klasserommet. Dette gjer at han står utanfor det sosiale og faglege fellesskapet i klassen. Læraren er fortvila, og ofte endar det med at Brage blir sendt ut av klasserommet. I «kampens hete» gløymer dei vaksne kva han står i heime.
Forarbeid:
Sjå filmar:
- Oppskriften for hjernens utvikling, Dag Nordanger
- Roe ned sinne, så barn kan kjenne seg trygge, Livetogsånn
Etterarbeid:
Vi ber deg prøve ut den regulerande dialogen neste veke.
PS: Hugs å puste med magen! Det er regulerande i seg sjølv – det roer oss. Kroppen er hjernen sin beste hjelpar. Til deg som har god erfaring med å møte sterke uttrykk frå elevar med regulerande kommunikasjon: lukke til med fortsetjinga!
- Grensesetting som fremmer god utvikling – YouTube
- Å møte barns følelser – videoressurser fra RBUP (instructure.com)
Tilleggsressursar:
-
Toleransevindumodellen i skolen | Tidsskrift for Norsk psykologforening (psykologtidsskriftet.no)
-
Slik kan lærere forstå og ivareta traumatiserte elever best mulig (utdanningsnytt.no)
-
God selvregulering hos barn kan avgjøre hvilke liv de får (forskning.no)
- Skolen som regulerende miljø for elever med utfordrende atferd (Utdanningsnytt)
-
Hva trenger hjelperen for å stå støtt når det stormer som verst? – RVTS Sør
Kunnskapsgrunnlag:
4. Den regulerande leiken
Case:
Amir er 9 år. Han har vakse opp i ein sårbar omsorgssituasjon og har vore vitne til vald i nære relasjonar over tid. Amir viser ein del utfordrande åtferd på skulen. Han reagerer med aggresjon og avvising når lærarar eller miljøarbeidarar prøver å få kontakt. Amir er òg ofte i konflikt med medelevane. Han misforstår lett intensjonane til andre og kan reagere fysisk og verbalt dersom han opplever å bli utfordra eller møter krav.
Dette fører til at Amir ofte står utanfor det sosiale og faglege fellesskapet på skulen. Dei vaksne forstår ikkje dei sterke reaksjonane hans. No har dei begynt å observere kvarandre i kontakten med Amir. Dei ser på triggarar og stress. Då skjer det noko.
Forarbeid:
Etterarbeid:
- Skapt for å leke: Lekens plass i endringsarbeid - RVTS Sør
- Leik er den beste traumeterapeut! - Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (rvtsvest.no) Sjå denne filmen åleine og noter konkret kva du kan og vil gjera mer av!
Tilleggsressursar:
- Enkelt triks styrker barnets lek (forskning.no)
- Brain Calming Activities – the 6 R’s – Welcome to the world of the Moffles!
- Mer lek gir bedre trivsel og motivasjon for læring
Kunnskapsgrunnlag:
5. Regulerande arbeidsmiljø og kritisk refleksjon
Case:
Anne – kontaktlærar på 9. trinn, Julie – kontaktlærar på 5. trinn, og Nils – kontaktlærar på 2. trinn opplever at det er svært krevjande å stå i konfrontasjonar og ubehagelege situasjonar med elevane sine. Dei kjenner på motløyse og manglande motivasjon for å halde fram i læraryrket. Arbeidssituasjonen pregar både den fysiske og psykiske helsa, og dei har begynt å sove dårleg om nettene og gruar seg til jobb.
Dei har over tid delt utfordringane sine på trinnmøta og møtt forståing frå kollegaene. Likevel opplever dei situasjonen som fastlåst. Dei treng meir enn forståing – korleis kan dei kome vidare?
Det er då avdelingsleiar tilbyr rettleiing med kritisk refleksjon.
Forarbeid:
Etterarbeid:
- Spørsmålsark – kritisk refleksjon. PDF. Skriv ut og bruk i hverdagen.
- Hvordan lærer vi? Modell av Joyce og Showers
- Regulering og mestring - RVTS Sør
Tilleggsressursar:
-
Bergen Open Research Archive: Inkludering i møte med utfordrende atferd (uib.no) Doktorgrad Kristian Øen 2023.
-
Hva trenger hjelperen for å stå støtt når det stormer som verst? – RVTS Sør (rvtssor.no)
-
Gurid Askeland (2006). Kritisk reflekterende – Mer enn å kritisere og reflektere, Nordisk sosialt arbeid, nr 2, vol 26