Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein person som har på seg ein blå og kvit kjole med grøn og kvit sløyfe

skule

Den inkluderande leiken i skulen

Moglegheitene den regularende leiken gir alle barn, er ekstra viktig for barn med traumer.

Leik og aktivitet er bra for alle barn, fordi den fremmer utvikling og er barnets kongsvei til læring. Men leik og aktivitet er i tillegg helande for barn med traumatiske erfaringar. I dag skal vi bli tryggare på den viktige regulerande leiken. 

Film: Den inkluderande og regulerande leiken i skulen

Finn noko konkret i denne fagfilmen du verkeleg trur på, og som du vil gjera meir av i klassen din. Skriv ned tre punkt. 

3 i kvar gruppe: 

Ta runden, kvar i gruppa får presentere sine 3 punkt frå individuell refleksjon, der dei også begrunner dei 3 punkta.  Gruppa stiller reflekterande spørsmål til den som legg fram. Bruk 5 minutt pr. Tilsett. Siste 10-15 minutt: Drøft saman: Kvar vil vi ha meir leik på vår skule?   

🧘‍♀️ Sansemotorisk minipause

Individuell refleksjon:

Den amerikanske forskaren Bruce Perry meiner at ein aktivitet kan vere utviklingsfremjande så lenge han oppfyller følgjande seks kriterium:

  1. Relasjonell
  2. Repetitiv
  3. Relevant for barnet/den unge sitt utviklingstrinn
  4. Lystbetont
  5. Rytmisk
  6. Respektfull

Når ein ser desse punkta, forstår ein òg kvifor leik og leikbaserte tilnærmingar har fått stadig større anerkjenning innan traumefeltet. Leik kan integrerast i nesten alle fag og timar i skulen.

For dei yngste i skulen vil mange songleikar og rolleleikar oppfylle desse kriteriuma.

For litt eldre elevar vil leik og aktivitetar som spel, dans, kreativitet, ballspel, kontakt med dyr, turar i naturen, bygging av leikehytter m.m. ivareta behova deira.

For ungdom gjeld det same – kreative aktivitetar, dans, musikk, brettspel, rollespel m.m.

Finn konkrete døme på leik/aktivitet som ivaretek dei seks kriteriuma i di klasse eller gruppe, og skriv ned dine døme. Det er heilt greitt å ikkje finne svar.

Lærande fellesskap, med kollegaer du jobbar saman med (3-5 i gruppe).

Korleis kan de som kollegaer støtte kvarandre til å få meir leik inn i alle læringssituasjonar frå 1.–10. trinn?

Skriv ned tre forslag frå di gruppe.

Avslutning

Leiar avsluttar med å samle alle i plenum: Kva gjer vi heilt konkret på vår skule?

  • Innspel frå grupper som jobbar med elevar på barnetrinnet
  • Innspel frå grupper som jobbar med dei eldste elevane
Sist oppdatert 04.06.2025