Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein person i ein blå kjole held eit barn

Barnehage

Utviklingstraumer og barnesyn

Moglegheitene eg får gjennom korleis eg tenker om barn sine reaksjonar

Innhald:

  • Vi treng alle eit fagleg fundament å handle ut frå når vi blir usikre.
  • Teori om utviklingstraume kan vere eit fundament som gjer deg trygg i praksisen din.
  • Verdiane våre, haldningane våre og kompetansen vår påverkar både barnesynet vårt og språket vi brukar når vi snakkar om – og med – barn.

Film: Grunnleggande traumeforståing

Den teoretiske forståingsramma for barndomstraume handlar om korleis tidlege belastande erfaringar kan påverke barns utvikling, evne til sjølvregulering, relasjonar og åtferd. Ho legg vekt på tryggleik, tilknyting og sensitivt vaksennærvær som grunnlag for god utvikling.

Individuell refleksjon

  • Korleis kan forståinga av utviklingstraume hjelpe deg å tolke åtferda til barn i barnehagen på ein meir nyansert måte?
  • På kva måtar kan denne kunnskapen påverke korleis du byggjer relasjonar til barn som viser sterke kjensleuttrykk?
  • Når du kjenner deg usikker eller overvelda i møte med barns reaksjonar – korleis kan du bruke denne forståinga som støtte?

  • Korleis kan kunnskapen om utviklingstraume styrkje samarbeidet i personalgruppa?
  • Kva rutinar eller praksisar i barnehagen kan de sjå på med «nye auge» i lys av denne forståinga?
  • Korleis kan de støtte kvarandre i å møte barn på ein trygg og regulerande måte?

Felles refleksjonsrunde:

Ta ein kort runde der alle deler éin tanke om korleis denne kunnskapen har utfordra eller stadfesta noko dei trudde frå før.

Still kvarandre opne spørsmål som:

  • Kva trur du barnet prøver å uttrykkje med denne åtferda?
  • Korleis kan vi møte dette barnet på ein måte som byggjer tryggleik?

🧘‍♀️ Sansemotorisk minipause

Film: Ditt barnesyn

Å dele eit felles barnesyn som grunnlag for korleis vi møter barn sine reaksjonar.

Barn treng å bli møtt med varme, bli trudd på og tekne på alvor.

  • Kva treng du for å eige eit positivt barnesyn – også i situasjonar der du blir utfordra?
  • Har du nokre åtferdsmønster du gjentek utan at det samsvarer med barnesynet ditt?

Eit positivt barnesyn er viktig for å kunne møte kvart enkelt barn på den måten barnet har behov for. Det handlar om å sjå alle barn som viktige bidragsytarar til eit godt barnehagemiljø.

  • Har de/kollegiet nokre mønster de gjentek i møte med barns reaksjonar?
  • Korleis kan de jobbe med eit felles barnesyn i din barnehage/avdeling?
  • På kva måte kjem dette til uttrykk i årsplanen og i møte med barna?

Runde i gruppa:

Alle deler i eitt minutt kvar. Elles open lytting, spørsmål og open refleksjon.

Den yngste passar på tida. Den nest yngste passar på at alle får ordet.

Avslutning:

Takk for i dag – lukke til med små endringar som over tid kan føre til store forandringar – at barn får det betre, og at du som tilsett får fleire meistringsressursar tilgjengelege for å handtere det som er krevjande.

 
Sist oppdatert 01.09.2025