Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
To damer, sett bakfrå, som held rundt kvarandre

barnehage

Reguleringsstøtte der det skjer

Moglegheitene eg får gjennom å regulere meg sjølv i møte med barn som er urolige

Kunnskap om reguleringsstøtte kan hjelpe den vaksne til å forstå både barns og eigne reaksjonar. Kunnskap om reguleringsstøtte, regulerande erfaringar og samregulering kan hjelpe fagarbeidarar og barnehagelærarar til å møte barna med regulerande omsorg og bidra til at barna får positive regulerande erfaringar. Det er dette som skal til for at barnet gradvis kan lære å regulere seg sjølv.

Film: Reguleringsstøtte i barnehagen

I denne fagfilmen tek vi teoriane om reguleringsstøtte med inn i barnehagen, inn i barnegruppa, inn i dialogen og relasjonen. Vi prøver å sjå korleis vi vaksne i praksis kan vere både uregulerte og regulerte – og korleis dette kan påverke barnet si regulering.

Dette er ikkje noko «quick fix» – det skjer gradvis, i takt med den vaksne si evne til å regulere seg sjølv i møte med utfordrande uttrykk hos barna. Det krev at den vaksne møter barnet med ro og tryggleik mange gongar før vi nødvendigvis ser verknaden.

  • Kor medviten er du om korleis dine reaksjonar i krevjande situasjonar påverkar barnet du kommuniserer med?
  • Kva tenkjer du når du høyrer at du – ved å absorbere stresset til barnet – kan gi ro tilbake?

Ta ein runde i gruppa først, der éin og éin deler med dei andre i 2 minutt:
Del eigne refleksjonar om korleis du tenkjer at du brukar – eller kan bruke – reguleringsstøtte medvite i møte med barn som skrik, kastar, slår m.m.

  • Open refleksjon:
    I kor stor grad har de «tru på» at dette faktisk verkar over tid?
  • Kan du «lene deg til» dette teorigrunnlaget og endre noko i dine eigne reaksjonar for å gjere barn tryggare og mindre aktiverte/uregulerte?

🧘‍♀️ Sansemotorisk minipause

Film: Jammen korleis gjer vi det då?

I denne fagfilmen skal de få vere med oss ut i sandkassa. Først får de sjå korleis ein barnehagelærar som blir frustrert og overvelda kan formane barnet. Deretter ser de ein situasjon der den vaksne brukar si eiga ro i møte med uro og fortviling hos barnet, gjennom trygg regulering.

Siste sekvens skal minne oss på å søkje rettleiing hos kollega.

Med utgangspunkt i fagfilmen du nettopp har sett – reflekter over følgjande:

  • Kva skjer i meg viss eg set meg ned med det skrikande barnet?
  • Kva skjer i barnet når eg vel å tenkje at det sinte barnet treng mi ro og trøyst?

Vi øver litt – for å kjenne på kroppen korleis det kan kjennast når vi brukar reguleringsstøtte medvite i møte med barn som utfordrar oss.

Reguleringsstøtte: "Øvingsark" – Lærande fellesskap

Kroppsspråk, mimikk og tonefall påverkar korleis andre responderer på oss. Nokre barn er særleg sårbare for uregulerte vaksne. Korleis vi framstår kan auke eller redusere stressresponsen til barnet.

Gruppeoppgåve:

Gå saman i grupper på tre. Alle tre skal ha alle tre rollene i løpet av økta på 30 minutt. Det vil seie 10 minutt per øving, inkludert refleksjon.

Person 1 tek rolla som vaksen, person 2 tek rolla som barn (vel alder sjølv). Person 3 observerer.

Person 1 startar med å vise ei kjensle overfor barnet. Person 2/barnet følgjer opp med korleis det kjennest. Etter kvar “demonstrasjon” skal person 3 innleie ei refleksjonsrunde saman med dei andre.

Person 1 og 2 øver på situasjonar der den vaksne viser ulike kjensler eller tilstandar. Bruk følgjande tilstandar/uttrykk og reflekter i tråd med instruksjonane over. Person 1 vel sjølv kulepunkt/kjensle.

  • Vis sinne! Korleis ser du ut og blir oppfatta når du er sint fordi eit barn ropar stygge ord etter deg? Kva effekt har det på den som er nær når du blir sint?

  • Vis redsle! Korleis ser du ut når du blir redd fordi eit barn kastar sekken sin på deg? Korleis kan andre skilje mellom reaksjonen din når du blir redd og når du blir sint?

  • Vis fortviling! Korleis ser du ut og korleis uttrykkjer du deg når du blir fortvila eller lei deg?

  • Vis utryggleik! Korleis ser du ut når du er utrygg? Kan det du viser bli oppfatta som ei anna kjensle eller tilstand?

  • Ver roleg og regulert! Korleis ser du ut når du er roleg og avslappa? Kva effekt trur du det har på utrygge barn og unge dersom du framstår som roleg i oppheta situasjonar?

Avslutning

Vi veit at det nokre gonger kan vere svært trugande situasjonar der vaksne ikkje kan ta sjansen på at regulerande omsorg åleine skal roe ned situasjonen. Nokre gonger kan det vere lurt å ta barnet ut av rommet, men dette bør vere unntak. Dette gjeld i situasjonar der barnet er til skade for seg sjølv eller andre. Uansett hjelper det ikkje med kjeft. Det vi veit, er at vaksne sitt eskalerande sinne sjeldan har god effekt.

Takk for engasjement og nysgjerrigheit – takk for i dag!

Sist oppdatert 05.08.2025