Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Eit nærbilete av ein menneskekropp som held rundt seg sjølv

barnehage

Regulerande arbeidsmiljø og kritisk refleksjon

Moglegheitene og læringa vi får gjennom eit regulerande arbeidsmiljø og refleksjon over eigen praksis.

Innhald:

Saman kan vi utvikle gode prosessar som gir utgangspunkt for kollegastøtte, kritisk refleksjon og rettleiing. Dette kan bidra til eit regulerande og lærande fellesskap på arbeidsplassen vår.

Vi treng å vere trygge og ærlege saman – det dannar grunnlaget for eit trygt kollegafellesskap.

Film: Eit regulerande arbeidsmiljø utviklar det faglege fellesskapet

  • Kva skal til for at du opplever arbeidsmiljøet ditt som regulerande?
  • Kva kan du bidra med i kollegafellesskapet for å legge til rette for eit regulerande arbeidsmiljø?

Film: Refleksjon er meir enn å fortelle!

Effekten av å fortelle om krevande opplevingar i samspel med barn kontra effekten av å reflektere over krevande opplevingar i samspel med barn.

Les gjennom følgjande eksempel – først eit fortellande utsegn, deretter eit reflekterande utsegn:

  • "I dag skjedde det igjen, eg blir så lei av dette her – alltid er det Niklas som må øydeleggje samlingsstunda!"
  • "Eg har sett eit mønster i korleis Niklas har hatt det i det siste. Eg undrar meg på om måten vi organiserer dagen vår på, slår uheldig ut for Niklas? Eg treng at nokon hjelper meg å reflektere rundt dette – blir du med?"

Korleis verkar desse utsegna på deg?

Grupper på 3 personar. Den eldste i gruppa held tida.

A: Del i 1 minutt frå di eiga refleksjon over effekten av å reflektere.

B: Øv på refleksjon. Still kvarandre gode spørsmål som opnar for refleksjon i gruppa.

Liste over gode spørsmål finn du i Refleksjonsboka som ligg som lenkje i forarbeidet, og som eige Word-dokument.

  • Kva tankar og kjensler hadde du etterpå?
  • Kva tolkingar gjorde du, og kva andre moglege tolkingar finst?
  • Kva ville du ideelt sett ha gjort?
  • Korleis påverka du situasjonen?
  • Handla du i samsvar med di forståing?
  • Kva kan vere andre måtar å forstå situasjonen på?
  • Korleis kan du tenkje deg å handle viss det skjer ein gong til?

🧘‍♀️ Sansemotorisk minipause

Film:

Innhaldet i neste film viser i praksis korleis vi kan gå frå å fortelje til å reflektere saman rundt utfordrande situasjonar vi har opplevd. Kritisk refleksjon kan forandre og utvikle både den enkelte tilsette og barna, fordi vi er i eit samspel.

Kjenn etter - kva treng du for å oppleve læring i samtale med kollega/leiar når du er sliten og fortvila? 

No skal de øve – 3 personar saman.
Vi øver fordi det gir oss auka læring. Bruk eigne opplevingar i øvinga.

Tenk over ein gong du var i ei liknande situasjon som i filmane.

  • Kollega 1: fortvila og fortel hektisk om noko som har skjedd …
  • Kollega 2: lyttar, men ber vedkommande setje seg ned og startar å stille reflekterande spørsmål
  • Kollega 3: observatør – kva ser du? Kva skjer i samtalen?

Byt roller etter 5 minutt – alle spelar dei tre rollene kvar sin gong.

Bruk dei siste minutta på å dele:
Korleis opplevde eg dette?

Avslutning:

No har vi arbeidd oss gjennom fem kompetansepakker saman. Vi ønskjer å halde på denne kunnskapen, og vere ein barnehage med trygge vaksne for alle barn – og sikre at dei barna som har det ekstra vanskeleg, kan oppleve å bli møtt trygt hos oss.

Les gjennom brevet om vegen vidare – implementering.

Sist oppdatert 05.08.2025