A. Øving til fagfilm om triggarar og stressreduksjon – frå ei småbarnsavdeling
Gjennomføring:
3 personar saman – fordel roller: éin observerer. I løpet av 30 minutt skal alle ha vore i alle tre rollene.
Situasjon 1: Tradisjonell respons
Sofia, 2 år, spring rundt på avdelinga medan vaksen Nils har songstund.
Vaksen Berit sit i ringen med barna, snur seg mot Sofia og seier:
«Sofia, ikkje spring no.»
Sofia spring vidare.
Berit ropar:
«Kom, Sofia! No skal du sitje her og syngje med oss!»
Sofia spring vidare.
Situasjon 2: Mentaliserande respons
Sofia, 2 år, spring rundt på avdelinga medan vaksen Nils har songstund.
Berit sit i ringen og observerer Sofia.
Ho reiser seg, går roleg bort, set seg ned og legg armen rundt Sofia:
«Du er god til å springe, Sofia! Eg ser at du kosar deg.»
Berit smiler og held rundt Sofia:
«No skal vi syngje fiskesongen, Sofia. Kom, så gjer vi det saman.»
Berit held Sofia i handa, dei går saman bort til songstunda, og Berit tek Sofia på fanget.
Berit gjer mange val som støttar regulering og tryggleik:
- Observerer
- Reiser seg og går bort
- Set seg ned
- Held rundt Sofia
- Smiler
- Anerkjenner/validerer
- Beheld roen
- Held Sofia i handa
- Går saman til samlinga
- Tek Sofia på fanget
Refleksjonsspørsmål:
- Kva skjer når vi endrar vår respons?
- Korleis var det å vere den vaksne?
- Korleis var det å vere Sofia?
B. Øving til fagfilm om triggarar og stressreduksjon – frå ei storbarnsavdeling
Gjennomføring:
3 personar saman – fordel roller: éin observerer. I løpet av 30 minutt skal alle ha vore i alle tre rollene.
Uteleik – situasjon 1: Tradisjonell respons
Aman, 5 år, sit i sandkassa saman med Olav, 4 år.
Plutseleg slår Aman Olav med spaden.
Den vaksne står ved huskestativet, 5 meter unna:
«Aman, slutt å slå Olav!»
Aman slår igjen.
Den vaksne går bort, står over Aman og seier strengt:
«Slutt, seier eg. Du har ikkje lov å slå!»
Aman: «Olav tok lastebilen!»
Den vaksne: «Du har ikkje lov å slå uansett!»
Aman slår spaden mot den vaksne.
Uteleik – situasjon 2: Mentaliserande respons
Aman slår Olav med spaden.
Den vaksne går roleg mot sandkassa, set seg på huk ved sidan av Aman.
Aman slår igjen.
Den vaksne tek spaden frå Aman:
«No ser eg at du er veldig sint. Eg såg at du slo Olav med spaden. Eg tek spaden slik at ikkje Olav blir slått fleire gongar.»
Aman: «Olav tok lastebilen min!»
Den vaksne legg armen rundt Aman:
«Tok han lastebilen din? Då skjønar eg at du blei lei deg. Eg skjønar at du ville ha lastebilen, men vi kan ikkje slå sjølv om vi blir lei oss. No blir eg her saman med dykk. Vi kan puste godt med magen – det hjelper når vi er lei oss eller sinte. Så kan Olav ha lastebilen, og de kan leike saman. Etterpå kan du få lastebilen.»
Aman tek den vaksne i handa og tørkar tårene.
Refleksjonsspørsmål:
- Kva skjer når vi endrar vår respons?
- Korleis var det å vere den vaksne?
- Korleis var det å vere barnet?