barnehage
Før og etterarbeid barnehagen
Her er ressursar til forarbeid og etterarbeid til dei ulike modulane.
1. Utviklingstraumer og barnesyn
Case:
Gut 5 år
Snakkar lite og er ofte avvisande når andre prøver å få kontakt. Han blir lett aktivert og kan då reagere med å rope, slå og sparke. Dette skjer òg når du inviterer han inn i leik og aktivitetar som du trur han likar. Denne åtferda hans har blitt verre i det siste. Dei andre barna kjenner seg utrygge som følgje av dette, og du får telefonar frå fortvilte foreldre som ønskjer at du skal halde han unna barna deira. Dette gir personalet nokre etiske dilemma i spenningsfeltet mellom omsynet til det enkelte barnet og gruppa.
Forarbeid:
Barnesynet er grunnmuren som kan gjere alle vaksne tryggare. Synet på barn er avgjerande for korleis barnet blir møtt, og i kor stor grad barnet oppfattar seg sjølv som eit sjølvstendig individ og som ein aktiv deltakar i barnehagen sitt samfunnsliv.
Barnesynet oppsummerer ei retning vi som barnehage har tru på – det som skal rettleie oss når vi møter barn som til dømes utfordrar oss ved å vere passive, utagerande eller lite tilgjengelege.
- Vanskelige barn - eller barn som har det vanskelig? - RVTS Sør
- Jo, visst skal vi sette grenser – RVTS Sør
Etterarbeid:
Individuell øving:
Neste gong du opplever ei krevjande situasjon i møte med eit barn, kan du prøve å vere medviten på korleis du tenkjer og korleis du møter barnet, kva du seier, og korleis du ser ut?
Lese:
Barn og traumer | Psykologforeningen
Følelsesmatrise. word..pdf.
Tilleggsressursar:
Oppvekst med traumer - Utdanningsnytt
Kort presentasjon av Traumebevisst omsorg hos oss - Min barnehage
2. Mentalisering, triggar- og stressreduksjon
Case:
Amir 4 år
Amir er 4 år. Han har vakse opp i ein sårbar omsorgssituasjon og har vore vitne til vald i nære relasjonar over tid.
Amir viser ein del reaksjonar som dei tilsette opplever som utfordrande åtferd. Han reagerer med aggresjon og avvising når dei vaksne prøver å få kontakt. Amir er òg ofte i konflikt med andre barn. Han misforstår lett intensjonane til andre og kan reagere fysisk og verbalt dersom han opplever å bli utfordra.
Dette fører til at Amir ofte står utanfor det sosiale og faglege fellesskapet i barnehagen. Dei vaksne forstår ikkje dei sterke reaksjonane hans.
No har dei byrja å observere kvarandre i kontakten med Amir. Dei ser på triggarar og stress. Då skjer det noko.
Forarbeid:
- Hjerne-opplysning for barn - RVTS Sør
- Forstå barnet Om mentalisering - Livet&Sånn
Etterarbeid:
- Stress-opplysning for barn - RVTS Sør
- Utagerende barn endrer væremåte avhengig av hvilke voksne de møter i barnehagen - Utdanningsnytt
Tilleggsressurser:
- www.snakkemedbarn.no
- Toleransevinduet for barn - RVTS Sør
- Psykososiale vansker i barnehagen - Utdanningsnytt
- Gjenkjenn at barn trigger oss - Skolerom.no (Forslag til korleis øve på mentalisering og triggejakt)
- Barn med utagerende atferd - i samfunnsmaskineriets tidsklemme - Utdanningsforskning
3. Reguleringsstøtte - i situasjonen når det skjer
Case:
Brage 3,5 år
Brage er 3,5 år. Foreldra til Brage står midt i eit konfliktfylt samlivsbrot. Dei vaksne ser at han strevar med samspel i barnehagen. Brage sin åtferd har vorte merkbart verre den siste tida. Han framstår ofte uregulert og reagerer gjerne emosjonelt og aggressivt på tilnærmingar frå dei andre barna og dei vaksne i barnehagen. Dette gjer at han ofte står utanfor det sosiale fellesskapet på avdelinga. Barnehagelæraren er fortvila over situasjonen, og ofte endar det med at Brage blir sendt ut i garderoben … I “kampens hete” gløymer dei vaksne kva han står i heime.
Kva trur du han treng for å kunne fungere og trivast på avdelinga?
Forarbeid:
- Oppskrift på hjernens utvikling - RVTS Vest
- Roe ned sinne, så barn kan kjenne seg trygge - Livet&Sånn
Etterarbeid:
- Vi ber deg prøve ut den regulerande dialogen med barn dei neste vekene.
- HUGS å puste med magen! Det er regulerande i seg sjølv – det roer oss, om og om igjen.
- Hvordan beholde roen, i møte med utfordrende atferd - RVTS Sør
Tilleggsressurser:
4. Den regulerande leiken
Case:
Amir 4 år
Amir er 4 år. Han har vakse opp i ein sårbar omsorgssituasjon og har vore vitne til vald i nære relasjonar over tid.
Amir viser ein del reaksjonar som dei tilsette opplever som utfordrande åtferd. Han reagerer med aggresjon og avvising når dei vaksne prøver å få kontakt. Amir er òg ofte i konflikt med andre barn. Han misforstår lett intensjonane til andre og kan reagere fysisk og verbalt dersom han opplever å bli utfordra.
Dette fører til at Amir ofte står utanfor det sosiale og faglege fellesskapet i barnehagen. Dei vaksne forstår ikkje dei sterke reaksjonane hans.
No har dei byrja å observere kvarandre i kontakten med Amir. Dei ser på triggarar og stress. Då skjer det noko.
Forarbeid:
- Barns samspill i lek | udir.no
- Leik er den beste traumeterapeut! - Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (rvtsvest.no)
- Vi lærer så lenge vi leker - RVTS Sør
Etterarbeid:
Sjå filmen Den terapeutiske leiken åleine, og noter konkret kva du kan og vil gjere meir av.
Tilleggsressursar:
- Doktorgrad: Viktig for barn å kunne leke i barnehagen uten å bli avbrutt - Utdanningsnytt
- Enkelt triks styrker barnets lek - Forskning.no
- Brain Calming Activities – the 6 R’s – Welcome to the world of the Moffles!
- Ny doktorgrad om lekemiljøet i barnehagen - Barnehagelærerutdanning på DMMH
Kunnskapsgrunnlaget kjem.
5. Regulerande arbeidsmiljø og kritisk refleksjon
Case:
Anne, pedagogisk leiar
Anne er pedagogisk leiar for 3-åringane i barnehagen.
Amos på 3 år er veldig urolig og spring mykje rundt på avdelinga. Han dyttar andre barn og skrik utan at dei forstår kvifor. Dei vaksne kjenner på motløyse fordi dei ikkje opplever at dei klarer å roe han. Dei har over tid fortalt om utfordringane dei står i på avdelingsmøte og møter forståing blant kollegaene sine. Likevel opplever dei situasjonen som fastlåst. Dei treng meir enn forståing – korleis kome vidare?
Det er då styrar tilbyr rettleiing med kritisk refleksjon.
Forarbeid:
- Lærende nettverk | udir.no
- Sandnes kommune - Den utviklingsstøttende barnehagen i Sandnes
- Refleksjonsboka.pdf (rvtssor.no)
Etterarbeid:
- Spørsmålsark - kritisk refleksjon. PDF. Skriv ut og bruk i hverdagen.
Tilleggsressursar:
- Utvikle praksis sammen | udir.no
- Hva trenger hjelperen for å stå støtt når det stormer som verst? - RVTS Sør
- NTNU Open: "Det handler jo om å spille videre på hverandre" : en kvalitativ studie om potensial for endring og utvikling ved samarbeid i barnehagens profesjonsfellesskap - med rom for forskjeller, klokskap og "dans"
- Den utviklingsstøttende barnehagen i Sandnes on Vimeo
Kunnskapsgrunnlag:
- Gurid Askeland (2006). Kritisk reflekterende – Mer enn å kritisere og reflektere, Nordisk sosialt arbeid, nr 2, vol 26
- Øen, Kristian. (2023). Inkludering i møte med utfordrende adferd. Doktorgrad.