Førebuing
- Sjekk ut innhaldet i modulane før du byrjar
- Vel ut korleis du ønsker å bruke opplæringsressursen. Den kan brukast i sin heilskap eller delast opp
- Vel ut den treningsoppgåva som passar best for din arbeidsplass
- Det er laga treningsoppgåver for små barn, barn og ungdom.
- Du kan gjerne tilpasse treningsoppgåva ved å lage eigne kasus. - Vi tilrår å bruke «Trygg til handling» i grupper
- Hugs at det å snakke om vald og seksuelle overgrep mot barn kan vere belastande. Ver trygge vaksne for kvarandre
Gjennomføring av «Trygg til handling»
Informasjon du kan gi i plenum:
«Det er barn og unge i vårt nærmiljø som opplever vald og seksuelle overgrep. Vi treff dei i barnehagen, på skulen, på helsestasjonen, på leikeplassen og på fritida. Vi skal bli betre til å sjå desse barna/ ungdomane og lære meir om konsekvensar av vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt. Vi skal auke kompetansen i å snakke med barn om vald og andre viktige tema, og bli tryggare på korleis vi føl opp barn og unge vi er uroa for.»
Gjennomføring av «Trygg til handling» i mindre bolkar
- Vis aktuell film
- Gjer refleksjonsoppgåvene og oppsummer gjerne i plenum
- Utforsk ekstra ressursar/vis dei fram
Gjennomføring av «Trygg til handling» i sin heilskap
- Vis filmane
- Gjer tilhøyrande refleksjonsoppgåver og oppsummer gjerne i plenum
- Avslutt med treningsoppgåve(r)
- Utforsk ekstra ressursar/vis dei fram
Vi tilrår å sette av 2-3 timar.
Treningsoppgåver
Sist oppdatert 06.05.2025