Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest
Eit barn held hender med ein vaksen.

Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep

Nettside om korleis etablere og drifte tverretatlege konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep.

Nasjonale faglege råd

Nasjonale faglege råd for tverrfaglege konsultasjonsteam i saker der det er uro for omsorgssvikt, vald eller overgrep mot barn og unge.

Kvifor konsultasjonsteam?

Vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt har store negative konsekvensar for helse og utvikling. Tidleg oppdaging av utsette barn, unge og sårbare familiar er avgjerande for å førebyggje og gi riktig hjelp.

Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep er eit tverretatleg lågterskeltilbod der alle som har ei bekymring kan få drøfta bekymringa og få konkrete råd om vegen vidare. 

UEVO-studien (Ungdoms erfaringar med vald og overgrep i oppveksten: Ei nasjonal undersøking av ungdom i alderen 12 til 16 år) viser at mange barn og unge har slike erfaringar: 

Ein plakat som viser at 1 av 5 har opplevd meir enn 1 form for vald i løpet av oppveksten. Jentene rapporterer meir og er utsette for fleire typar. Ungdom som har opplevd vald mot foreldra har også opplevd andre former for vald og overgrep.

Figur: Visuallab/NKVTS

Illustrasjon: Visuallab/NKVTS
Ein plakat som viser at 6% av personar har opplevd seksuelle overgrep frå vaksne minst ein gong, medan 4% gjentekne gonger. Nesten dobbelt så mange jenter.

Figur: Visuallab/NKVTS

Illustrasjon: Visuallab/NKVTS

Tverretatleg samarbeid er viktig og nødvendig for å sikre tidleg oppdaging av utsette barn og unge, samt for å kunne gi rett hjelp til rett tid. Alle som er i nær kontakt med barn og unge treng kunnskap og tryggleik for å oppdage dei som er sårbare og utsette. Det kan vere avgjerande for tidleg oppdaging at bekymringar blir drøfta på eit tidleg tidspunkt. For å få dette til krevst gode samarbeidsplattformer, kommunikasjon på tvers av tenester og ein arena der personar som arbeider med barn og unge kan lufte sine bekymringar. 

Målgruppe 

Alle som har ei bekymring for om barn eller unge kan vere utsette for vald eller seksuelle overgrep kan få drøfta bekymringa og få konkrete råd om vegen vidare. 

Etablere konsultasjonsteam

Til toppen

Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep er tverrfagleg/tverretatleg samansett. Konsultasjonsteama har ei unik moglegheit til å vere ein del av det sentrale arbeidet for å førebyggje, redusere og oppdage barn som lever med vald og seksuelle overgrep. 

Ei gruppe menneske som sit ved eit bord.

Bilde fra film om konsultasjonsteam. Møte mellom team og rådsøker.

 

Konsultasjonsteamet bør vere ei viktig ressurs i kunnskapsformidling og kompetanseutvikling til kommunen sine tenester og innbyggjarar. Tverretatleg samansetning fremjar også godt samarbeid på tvers av tenester. 

Fagpersonar frå tenester som til dømes barnevern, psykisk helsevern for barn/unge (BUP), pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), politi, familievern og kommunale helsetenester er aktuelle som faste medlemmar av konsultasjonsteama. 

Representantar frå andre tenester kan også vere aktuelle. Hensikta er å sikre god lokal kompetanse om vald og seksuelle overgrep. 

Forankring 

Konsultasjonsteam består av medlemmar som vil vere sentrale bidragsytarar i arbeidet for å førebyggje vald, seksuelle overgrep, omsorgssvikt og åtferdsvanskar. 

Konsultasjonsteamet bør forankrast både administrativt og politisk for å sikre nødvendig mandat for arbeidet, sørgje for at konsultasjonsteamet får ein sentral plass i kommunen si organisering, samt at det får tilført dei ressursane som er nødvendige for å drifte teamet. På denne måten kan konsultasjonsteamet fungere styrkjande for kommunen sitt ansvar og arbeid med å avdekke og avverje vald og overgrep. 

Konsultasjonsteamet er også ei ressurs i arbeidet med å utarbeide og realisere kommunale handlingsplanar, til dømes Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. 

Det er anbefalt at teamet samlast månadleg. For å sikre at teamet held seg i drift, er det sentralt at planlagde samlingar blir gjennomførte som avtalt for å drøfte innmelde saker, arbeide med fagutvikling innad i teamet, planleggje undervisning eller gjere teamet kjent i kommunen. 

Koordinator 

Det bør utnemnast ein koordinator som har ansvar for drift av teamet. Ofte er koordinator tilsett i barnevernstenesta, men det er opp til kvar kommune og kvart team korleis dei ønskjer å organisere seg. Det er viktig at koordinator har støtte frå sin leiar, for å sikre tid til oppgåvene. 

Nokre kommunar har valt å frikjøpe koordinator i ein viss prosentstilling. Ved slikt frikjøp sikrar ein at teamet sine oppgåver blir gjennomførte og koordinerte på best mogleg måte. I NORCE sin rapport “Hjelp til å avdekke vald og overgrep mot barn og unge – ei evaluering av konsultasjonsteam” blir det påpeikt at frikjøp av koordinatorstillinga er ein av dei viktigaste, om ikkje den viktigaste, faktorane for korvidt det var gode inntakstal for teama (Tonheim, Danielsen og Jakobsen, 2019, s. 23). 

Drifte konsultasjonsteam 

Til toppen

I konsultasjonsteamet er det ulike roller. Under følgjer oppgåver som dei ulike rollene har i teamet. 

Koordinatorrollen 

  • Ta imot henvendingar til konsultasjonsteamet 
  • Delta på månadlege møter i konsultasjonsteamet 
  • Kalle inn til møter, lage årshjul 
  • Rapportere til administrativ/politisk leiing 
  • Delta på koordinatorsamlingar, ca. 4 gonger i året 
  • Delta på fagdager, inntil 2 gonger i året 
  • Organisere undervisning til tenester 

Medlemsrolle 

  • Delta på månadlege møter i konsultasjonsteamet 
  • Halde seg fagleg oppdatert 
  • Delta på fagdager, inntil 2 gonger i året 
  • Bidra med undervisning til andre tenester 

Reflekterande team 

  • Konsultasjonsteama får opplæring i reflekterande team som modell for å møte rådsøkar. 

Velkomsthelsing til rådsøkar 

Under er det eit forslag til tekst som kan sendast i forkant av møte mellom konsultasjonsteam og rådsøkar. 

Dette er eit informasjonsskriv til deg som er bekymra for eit barn, ein ungdom eller ein familie og som ønskjer å drøfte bekymringa og få råd om vegen vidare. Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep er eit tverrfagleg og tverretatleg team som skal kunne lytte til bekymring om mogleg vald og seksuelle overgrep og gi råd til korleis den som er bekymra skal følgje opp bekymringa.

Før møtet:

Tenk gjennom bekymringa

  • Kva har du/dykk sett?
  • Kva har barnet sagt/gjort/vist?
  • Kva har du/dykk gjort så langt?
  • Kva treng du råd om for å kjenne deg trygg i vidare oppfølging?

Barnet/ungdommen/familien skal vere anonym i drøftinga. Tenk gjennom kva opplysningar du kan gi, og unngå opplysningar som gjer det utfordrande å ivareta teieplikta.

I konsultasjonsteamet møter du:

  • Namn, stilling
  • Namn, stilling
  • Namn, stilling
  • Namn, stilling

Sjølve møtet:

  • Vi ber deg leggje fram bekymringa di, anonymt
  • Vi stiller avklarande spørsmål
  • Vi reflekterer rundt problemstillinga di (ein “usynleg gardin” går ned og du lyttar til teamet sine refleksjonar)
  • Vi spør deg om kva du blir oppteken av når du lyttar til teamet, og om det er andre ting du ønskjer at teamet skal reflektere rundt
  • Vi reflekterer på nytt og blir einige om konkrete råd til deg om kva du kan gjere vidare
  • Vi tilbyr deg rettleiing dersom du treng det for å følgje råda vidare (for eksempel snakke med barnet du er bekymra for)
  • Vi spør deg gjerne korleis det har vore å møte teamet, og om du har tilbakemeldingar som kan vere nyttige for teamet sitt vidare arbeid

Etter møtet:

Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep er eit rådgivande organ og våre råd blir gitt med bakgrunn i den beskrivinga som blir lagt fram i møtet. Teamet opprettar ikkje sak og melder ikkje vidare til politi/barnevern i etterkant. Vi gir berre støtte, råd og rettleiing til kva du bør gjere vidare med den bekymringa du har. Dersom du ønskjer ytterlegare støtte/rettleiing for å kunne følgje opp bekymringa kan du be konsultasjonsteamet om det. Slik støtte kan bli gitt gjennom individuell oppfølging eller ved å kome tilbake til konsultasjonsteamet i eit nytt møte.

Vedvarer eller aukar bekymringa di, må du ta stilling til om opplysningsplikt eller avverjeplikt er gjeldande. Les meir på plikt.no.

RVTS Vest sin rolle/funksjon

RVTS Vest si rolle i konsultasjonsteamsarbeidet er tredelt. 

  • Informasjon om modellen, inkludert nettsida 
  • Opplæring til nye konsultasjonsteam 
  • Oppfølging av etablerte konsultasjonsteam 

RVTS gir opplæring til og oppfølging av teama i Vestland og Rogaland gjennom fagdager, støtte til koordinatornettverket og innspel til utviklingsarbeid i teama. 

Fagdagen "Frå bekymring til handling"

Konsultasjonsteama blir opplært i å halde fagdag om vald, seksuelle overgrep og samtalar med barn og unge.

Det same som bildetekst.
Bilete frå fagdag for konsultasjonsteama, med førelesarar frå RVTS Vest.

Reflekterande team

Til toppen

Konsultasjonsteama får opplæring i reflekterande team som modell for å møte rådsøkar.

Metodikken blei først utvikla innan familieterapifeltet (Andersen, 1987), og målet var at teamet sin dialog skulle fremje refleksjon og læring. Modellen har fokus på ressursar, moglegheiter og kva løysingar som kan tenkjast å vere tilgjengelege. Gjennom refleksjonen si form, blir det lagt vekt på ein positiv, respektfull og ikkje-kritisk haldning. Vi har tilpassa metodikken til konsultasjonsteama ved at det her ikkje utelukkande blir reflektert rundt problemstillinga, men også gitt konkrete råd.

Reflekterande team

  1. Rådsøkjar blir ønskt velkommen. Teamet presenterer seg og forklarer korleis møtet blir gjennomført.
  2. Rådsøkjar legg fram si bekymring anonymt, med fokus på bekymringa og kva rådsøkjar håpar å få ut av møtet. Eitt medlem av konsultasjonsteamet er ansvarleg for å «intervjue» rådsøkjar.
  3. Konsultasjonsteamet får høve til å stille avklarande spørsmål.
  4. Konsultasjonsteamet reflekterer over bekymringa og problemstillinga, medan rådsøkjar lyttar «bak» ein usynleg gardin.
  5. «Gardinen» blir opna, og rådsøkjar får snakke om kva hen vart opptatt av medan konsultasjonsteamet reflekterte, eller om det er andre ting rådsøkjar vil at teamet skal reflektere meir over.
  6. Konsultasjonsteamet reflekterer bak «gardinen» igjen og blir einige om kva råd dei vil gi til rådsøkjar.
  7. «Gardinen» blir opna, og rådsøkjar får konkrete råd for vegen vidare.
  8. Dersom rådsøkjar får råd om å ha ein samtale med barnet/ungdommen hen er bekymra for, får hen rettleiing til samtalen – anten direkte i møtet eller tilbod om avtale på eit anna tidspunkt.

 

Det sama som bildetekst.
Bilete frå film om konsultasjonsteam, som viser  konsultasjonsteamet som bruker reflekterande team-modellen i møte med rådsøkar (arrangert scene).

Film om konsultasjonsteam

Til toppen

Filmen gir eit praktisk døme på korleis “reisa” frå bekymring til handling er, i møte med eit kommunalt konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep.

Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.

Bakgrunn 

Til toppen

I Vestland blei dei kommunale konsultasjonsteama oppretta gjennom eit prosjektsamarbeid mellom Redd Barna, Extra-stiftinga og RVTS Vest.

Modellen har seinare blitt vidareutvikla, og det er gjort lokale tilpassingar i ulike kommunar. I 2015 gjennomførte RVTS Vest fokusgruppeintervju med medlemmar av konsultasjonsteam og kommunale leiarar i Vestland (Johansen og Dybsland, 2015). Rapporten konkluderte med at konsultasjonsteam er ein god modell for å fremje tverretatleg samarbeid og tidleg oppdaging av barn og unge som lever med vald og seksuelle overgrep. 

NORCE gjennomførte evaluering av konsultasjonsteam i 2019, og peiker i sin rapport på nokre svakheiter ved modellen.

NORCE argumenterer for at konsultasjonsteam i liten grad fungerer som ei avdekkande instans, samtidig blir det påpeikt at konsultasjonsteam burde ha eit utvida fokus for å ivareta andre instansar (Tonheim, Danielsen og Jakobsen, 2019, s. 95). Rapporten tar utgangspunkt i konsultasjonsteamordning nasjonalt (s. 2). 

Det er imidlertid store ulikskapar i modellane; her i vest har vi fokusert på kommunale konsultasjonsteam. Hensikta med kommunale konsultasjonsteam er at dei fungerer som både sentrale knutepunkt for etatane i kommunane, fagnettverk som kan gjennomføre undervisning og som eit lågterskeltilbod der personar som er i kontakt med barn og unge kan drøfte sine bekymringar anonymt og få råd om vegen vidare. 

Konsultasjonsteam i region vest

Her kjem oversikt over kva kommunar i region vest som har konsultasjonsteam.

Sist oppdatert 30.04.2025