Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Frå flukt til fellesskap
Frå flukt til fellesskap er for deg som arbeider i barnehage, skule eller tenester som involverer barn, unge og deira familiar med fleirkulturell bakgrunn. Særleg familiar som har flukterfaringar.
Tilgjengelegheit
Denne ressursen er klar til bruk. Du kan bruke den saman med kollegaer på jobben, eller for deg sjølv.
Film: Starte i en ny kommune
Det aller viktigaste er å bli tatt imot med varme og vennlighet, å få bety noko og å få bidra så tidleg som mogleg.
Filmen gjev enkle og nyttige svar på litt store spørsmål. Nyare forsking og undersøkingar bekrefter tidlegare kunnskap, og kan brukast direkte i møte med menneske som kjem frå flukt. Venting er vanskeleg, og isolasjon kan gjera menneske sjuke.
Filmen passer for alle som kjem i kontakt med menneske frå flukt. Både profesjonelle, innbyggjarar/naboar og frivillige. Vi viser til enkle, men viktige grep basert på forsking og at me har lytta til menenske som kjem til landet vårt frå andre kulturar.
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
Korleis kan du bruke dette kunnskapsgrunnlaget når du er saman med flyktningar?
Er det noko du vil eller kan forandre i ditt arbeid etter å ha fått denne oppdateringa på kva som er viktigast i starten i ny kommune?
Kva opplever du som utfordrande?
Skriv ned 3 “grep” du vil gjera i dine neste samhandlingar med elevar/foreldre.
Barnehagearenaen er fantastisk både som inkluderingsarena og som plass for den gode leiken som er så viktig for all utvikling. Her finn du konkrete og verksame grep alle tilsette i barnehagen kan jobba med i møte med små barn. Stikkord er Trygghet – Relasjon – Regulering, dei sentrale ingrediensane i traumebevisst omsorg.
Filmen passer for alle tilsette i barnehage, og hugs å visa den til vikarar! Innhaldet er også aktuelt for tilsette i skule, hjelpetenester som helsesjukepleiar og barnevern, innbyggjarar og frivillige.
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
• Korleis legg de tilrette for den utviklingsfremjande leiken i din barnehage? • Finn eksempel på at barnehagekvardagen din inneheld trygghet – relasjon – regulering for barna. • Drøft innhaldet i begrepa regulering og smerteuttrykk i personalgruppa. • Korleis forstår de urolege barn? Korleis forstår de frustrerte barn? • Veit du korleis du kan hjelpa barn med reguleringsstøtte? • Kva var det viktigaste du lærte av denne vesle filmen?
Korleis samarbeida når foreldre viser utrygghet eller vegrer seg for å ta imot hjelp? Uansett kor dyktig du er, hjelper det lite visst du ikkje tryggjer foreldra undervegs. Den medmenneskelege dimensjonen hand i hand med det faglege er ein god kombinasjon i møte med menneske som har det vanskeleg.
Me retter fokus på dei situasjonane som kan opplevast utfordrande både for foreldre, barnehage/skule eller hjelpetenester. Me gir konkrete råd til korleis ein kan tryggja utrygge foreldre i samarbeidet, til dømes når fagfolk vurderer at barnet deira har utviklings-utfordringar.
Filmen eignar seg særleg godt til barnehage/skule og hjelpetenester/helsetenester som PPT, BUP, barnevern og fastlege, som skal hjelpa foreldre når barnet deira treng ekstra støtte/hjelp.
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
Fekk du nokre nye refleksjonar når du lytta til denne filmen? Del med kollega.
Kva var mest nyttig for deg?
Kva tenkjer du om det me seier om å “bruka god tid” og å jobba annleis/tilpassa hjelpa?
Kva kan du endra på for å tryggja foreldre som har sagt nei fordi dei er usikre eller ikkje forstår?
Menneske treng menneske! Filmen har ein enkel bodskap som tuftar på eit rikt kunnskapsgrunnlag om kor essensielt det er for menneske å høyra til og vera ein del av eit fellesskap. Filmen er for alle som har kontakt med menneske som deltek lite i samfunnsliv og frivillighet. Tematikken passer for alle som på ein eller annan måte møter menneske som kjem frå andre kulturelle bakgrunnar og/eller har lite nettverk og står i fare for å verta isolert. Kunnskapsgrunnlaget er like viktig for rådmenn og leiarar i kommunal sektor, som for alle tilsette i oppvekst og frivillige organisasjonar.
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
• Kanskje du tenkjer at det ikkje er ditt ansvar…men kva om du er den einaste som ser at foreldra til barna er utan nettverk? Kva kan du gjera då? • Kanskje du tenkjer at sosiale fellesskap berre er dei frivillige sitt ansvar, men dei frivillige veit ikkje kven som kjem til kommunen. Nokon må introdusera dei for ulike sosiale tilbod. Kan du gjera det? • Er det nok sosiale møteplassar utanom organiserte aktivitetar i kommunen? • Ofte stenger det meste i alle feriar, det gjev grunn til uro på vegne av familiar med lite nettverk. Korleis kan du arbeida for at kommunen har tilbod året rundt?
Å forstå den andre er nøkkelen til trygghet og tillit i relasjonen. Kultursensitivitet handlar om å møte den andre med eit ope sinn, og å vera interessert i menneske som har ein annan kulturell bakgrunn enn deg sjølv. Å byggja bru mellom deg og den andre, og vise at du vil den andre vel, er gode verktøy i møte med mennesker som har ein annan kulturell og/eller religiøs bakgrunn enn du har sjølv. Å erkjenne at du sjølv også har verdiar og forståing som kjem av din eigen oppvekst og kultur kan vera nyttig. Filmen er for alle som ynskjer støtte til korleis du kan bygge tillit og trygghet i relasjonen til andre.
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
• Reflekter litt over korleis din bakgrunn påvirkar dine valg, grenser og kommunikasjon med andre. • Kjenn etter i kva situasjonar du kan kjenna deg trygg – og i kva situasjonar du kan verta utrygg, når du møter menneske som lever ganske så annleis enn det du gjer. • Korleis kan du best mulig byggja tillit og trygghet for foreldre med annan kulturell bakgrunn? • Kva skjer i deg når du leitar etter det som du kan ha felles med andre, meir enn å leita etter det som er ulikt?
Menneske med flyktningbakgrunn har behov som varer mykje lenger enn media si merksemd. I denne filmen ser me på fleire faktorar i det nye vertslandet som påvirkar psykiske helse hos flyktningar. Om me vil hjelpa barn, må me spørja dei korleis det går med foreldra (og andre medlemmer av familien), og støtta gode meistringar i heile familien.
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
• Kvifor er det viktig å setja fokus på korleis det går med foreldra/familiemedlemmer til barn de arbeider med? • Kva kan de gjera i din kommune for å hjelpa barn og deira foreldre til å oppleve tilhørighet der dei bur? • Folk si merksemd endrar seg etter “nyhetens interesse” for flyktningestraumen, kan de samtala om kvifor det er slik?
Korleis kan vi ta imot barn med flyktningebakgrunn best mogeleg? Det er mange opptatt av. Det er god mellommenneskeleg varme og omsorg folk flest treng. I denne filmen set vi fokus på korleis skule (og andre) kan få barn til å kjenne seg velkommen og inkluderte. Vi snakkar også om at vi treng å erkjenne kven dei er og kva de bringer med seg, samt understøtte deira meistringar.
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
• Korleis tar de imot nyankomne barn? Kva ekstra tiltak bør de ha når det gjeld barn som har flyktningebakgrunn? • Korleis gir det fysiske arbeidsmiljøet uttrykk for at mangfald, ulike kulturar og land er relevant og spennande? Kva kan der gjere for å ha eit synleg mangfald? • Gi nokre døme på aktivitetar frå ulike kulturar som kan delast i klasserom og ellers. • Kva delar av livet i Norge bør forklarast til barn, og korleis?
Korleis kan me møta og samarbeida med foreldre med flyktningebakgrunn? I filmen snakkar me om korleis foreldre er ein viktig del av ‘laget rundt barnet’ og at me kan støtta barnet si utvikling ved å inkludera foreldra. Me diskuterer ulike utfordringar foreldre med flyktningebakgrunn kan ha, og korleis me kan byggja relasjon og gje dei støtte.
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
• Fortel om eksempel på nyttig samarbeid med foreldre. • Korleis kan de leggja til rette for meir og betre samarbeid med foreldre med flyktningebakgrunn? • Kva hinder kan de sjå føre dykk i samarbeidet? • Kan de nevna nokre eksempel på viktig informasjon om barnet si tidlege utvikling og opplevingar som foreldre har delt med deg?
Alle barn har rett på eit trygt og godt skulemiljø. Elevar med fluktbakgrunn, eller som har foreldre med fluktbakgrunn, trenger å kjenna at dei vaksne er trygge, og at klassen og skulen er ein god plass å vera. Ein normaliserende skulekvardag er godt utgangspunkt. Filmen set fokus på korleis vi kan ha meir traumebevisste tilnærmingar, nemleg trygghet, relasjon og regulering i klasserommet. Vi ser på gode grep for å inkludera barn med flyktningebakgrunn. Vidare drøfter vi eksempel korleis vi kan hjelpa barn til å meistre sterke reaksjoner ved bruk av psykoedukasjon.
Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.
• Korleis byggjer de inn traumebevisste tilnærminger: trygghet, relasjon og regulering, i barnets kvardag no? • Kva gode grep såg de i filmen som de kunne prøvd ut? • Fortel til kollegaer om korleis det gjekk når de nytta meir psykoedukasjon i opplegget for barn.
Frå flukt til fellesskap er ein kompetansepakke til deg som arbeider i barnehage, skule eller tenester som involverer barn/unge og deira familiar med fleirkulturell bakgrunn, og særleg familiar som har flukterfaringar. RVTS Vest ynskjer å bidra til at du kan kjenna deg så trygg som mogeleg i møte med familiar med fluktbakgrunn. Starten i barnehage/skule og fritidsaktivitetar i ein ny kommune kan ha stor betydning for korleis barn/unge og foreldra har det i kvardagen sin. Kompetansepakken gir deg meir kompetanse og fagleg trygghet i møte med barn og unge som kjem frå krig og flukt. Vårt fokus er å trygge deg gjennom å fokusere på den mellommenneskelege dimensjonen i ditt faglege arbeid med flyktningefamiliar.
Bakgrunn
Bakgrunnen for at vi utvikla Frå flukt til fellesskap er behov for kompetanse og veiledning i kommunale tenester knytt til eit aukande tal flyktningar. Innhaldet i kompetansepakken er basert på henvendingar som RVTS Vest har fått frå tenestene. Korleis bruke filmane Sjølv om filmane er laga med tanke på barnehage, grunnskule og hjelpetenester, kan dei gjerne brukast til kommunetilsette generelt, vidaregåande skule, tilsette innan helse, frivillige, innbyggjarar og som undervisning i utdanningsløp både på fagarbeidarnivå og høgskulenivå. Filmane heng saman, og kan sjåast frå start til slutt. Filmane kan også sjåast ut frå kva tema du ønskjer meir kunnskap om. Refleksjonsspørsmåla som høyrer til kvar film, kan nyttast individuelt og/eller i personalgrupper.
Filmane
Den viktige starten i ny kommune • Gode grep i barnehagen • Samarbeid med foreldre • Sosial støtte og inkludering er så viktig! • Kultursensitivitet • Migrasjon og flukt • Å ta imot barn med flyktningebakgrunn • Foreldre=ressurs • Gode grep i skulen
• Bath H (2015) The Three Pillars of TraumaWise Care: Healing in the Other 23 Hours. • Dybdahl R., Christie H. J., Eid J. (2006) Psykososialt arbeid med barn og familie som er asylsøkere og flyktninger i Norge. • Hayward M. (2017) Teaching as a primary therapeutic intervention for learners from refugee backgrounds. Intercultural Education 28(1):1-17 • Kumar, Loveleen (2001). Djulaha! Om å forstå annerledeshet. Høyskoleforlaget. • Kumar, Loveleen (1997). Mulighetenes barn, å vokse opp med to kulturer. • Kåsin, O. (2008). Flerkulturell – hva er de og hvem er de? I A. M. Otterstad (Red.), Profesjonsutøvelse og kulturelt mangfold : fra utsikt til innsikt (s. 55-77). Universitetsforl. • Rugkåsa, M. (2008). Majoriteten som premissleverandør i “flerkulturelt” arbeid. I A. M. Otterstad (Red.), Profesjonsutøvelse og kulturelt mangfold : fra utsikt til innsikt (s. 78-95). Universitetsforl. • Montgomery, E. et al. (2010) Trauma and resilience in young refugees: A 9-year follow-up study Development and Psychopathology 22(2):477-89 • Nordanger, Dag Øystein, Braarud, Hanne cecilie (2017). Utviklingstraumer – regulering som nøkkelbegrep i en ny traumepsykologi. Fagbokforlaget. • Solberg, Ø., Nissen, A., Cauley, P., & Andersen, A. J. (2020). Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. (Rapport 1/2020). Mental health and quality of life among refugees from Syria after forced migration to Norway: Main findings from the REFUGE study
www.flyktning.net www.flyktninghjelpen.no www.imdi.no www.udir.no/laring-og-trivsel/minoritetsspraklige/flyktninger/ www.reddbarna.no/vart-arbeid/barn-i-norge/foreldretips/slik-snakkerdu- www.uis.no/nb/hva-er-det-viktig-barnehager-og-skoler-vite-om-flyktninger#/ Traumebevisst omsorg. Undervisningsfilmer med Howard Bath | Flyktning https://ukom.no/rapporter/undersokelse-etter-drukningstragedien-i-tromso/innledning https://www.flyktninghjelpen.no/ressurs/evalueringer/improving-childrens-wellbeing—an-evaluation-of-nrcs-better-learning-programme-in-palestine/ Nasjonal mentoropplæring om forebygging av radikalisering mot voldelig ekstremisme – Mentorradikalisering.no Intercultural Competence in education, counselling and psychotherapy (researchgate.net) https://www.icdp.no/
Kontakt Dersom du ynskjer meir informasjon om korleis du eller din arbeidsplass kan nytte Frå flukt til fellesskap, så kan du kontakte fagansvarleg for kompetansepakken, Beate Gauden. E-post: beate.gauden@helse-bergen.no For tekniske spørsmål om nettsida: rvts@helse-bergen.no