Kriseteamskulen – Styrk di beredskap
Kriseteamskulen er eit undervisningstilbod retta mot kommunar, spesialisthelsetenesta og frivillige.
Kriseteamskulen er for alle som ønsker å forbetre sin kompetanse innan psykososial krisehandtering. Du treng ingen forkunnskapar for å delta.
Vi arrangerer fem basisdagar, samt en sjette kursdag for leiarar.
Kva lærer du?
Dag 1:
Lovkrav om psykososiale tiltak: Kriseteamet sitt arbeid i møte med sjølvmord og brå død (Påmelding stengt)
Dag 2:
- Kva skjer med menneske i krise?
- Kva skjer når barn og ungdom er ramma eller berørte av hendinga? (Påmelding stengt)
Dag 3:
- Psykologisk førstehjelp
- Når krisa rammar fleirkulturelle innbyggarar (Påmelding stengt)
Dag 4:
Gir krisehandtering dobbel belastning for hjelparar? (Påmelding Bergen Haugesund Voss)
Dag 5:
Lovkrav og tilrådingar frå Helsedirektoratet om organisering av psykososiale tiltak for leiarar og stedfortredarar i kriseteam (Påmelding Bergen Stavanger)
Dag 6:
Frå 2026 tilbyr RVTS Vest kommunale kriseteam og lokale samarbeidspartnarar ei praktisk tilnærming. Du får opplæring og øving i psykososial førstehjelp. I tillegg til planane for akutt beredskap og den teoretiske kunnskapen som trengst, er det viktig å øve jamleg. Øvingar gjer at hjelpa til innbyggarane blir betre når det skjer kriser, ulukker eller katastrofar.
Øvingar i eige team styrkjer evna til å:
- Meistre stressbelastningar under innsats
- Redusere risikoen for psykiske reaksjonar etter store påkjenningar
- Auke samhandlingskompetansen
- Skape gjensidig forståing for ulike innsatsgruppers kulturar og arbeidsmåtar
Målgruppe dag 6:
Deltakarar i kommunale kriseteam, frivillige organisasjonar, innsatspersonell, helse- og sosialarbeidarar og tverrfaglege tenester som møter barn, ungdom, familiar og vaksne i krise.
Innsatspersonell blir definert som «personell frå Forsvaret, brann-, rednings- og helsepersonell, politiet og andre innsatsgrupper».
Dersom kommunen din eller kriseteamet ditt sjeldan er i aksjon, og kanskje har fått nye medlemmar, ta kontakt med oss. Vi vil saman fylle dagen med øvingsmoment de treng påfyll og trening i. Bli med oss for å utvikle ferdigheiter som kan gjere ein forskjell i krisesituasjonar og bidra til å skape eit tryggare samfunn.
Pris
Det er mogleg å delta på alle eller utvalde dagar. Deltaking inkluderer lunsj.
Basisdagar: 600 kroner per person, per basisdag.
Kursdag 6: 10 000 kroner.
Ved påmelding av fem eller fleire deltakarar samtidig er det mogleg å få tilsendt faktura. Send oss i så fall ein e-post om at de ønskjer dette. Kun fysisk deltaking.
Ta kontakt med Siri Lill Aaberg for avklaring av tid, stad og øvingsmoment for ditt team i din kommune.
Spørsmål?