Tilgjengelegheit
Denne ressursen er klar til bruk. Du kan bruke den saman med kollegaer på jobben, eller for deg sjølv.
Film: Starte i en ny kommune
Det aller viktigaste er å bli tatt imot med varme og vennlighet, å få bety noko og å få bidra så tidleg som mogleg.
Film: Gode grep i barnehagen
Barnehagearenaen er fantastisk både som inkluderingsarena og som plass for den gode leiken som er så viktig for all utvikling.
Her finn du konkrete og verksame grep alle tilsette i barnehagen kan jobba med i møte med små barn. Stikkord er Trygghet – Relasjon – Regulering, dei sentrale ingrediensane i traumebevisst omsorg.
Filmen passer for alle tilsette i barnehage, og hugs å visa den til vikarar! Innhaldet er også aktuelt for tilsette i skule, hjelpetenester som helsesjukepleiar og barnevern, innbyggjarar og frivillige.
Film: Korleis samarbeida med foreldre
Korleis samarbeida når foreldre viser utrygghet eller vegrer seg for å ta imot hjelp?
Uansett kor dyktig du er, hjelper det lite visst du ikkje tryggjer foreldra undervegs. Den medmenneskelege dimensjonen hand i hand med det faglege er ein god kombinasjon i møte med menneske som har det vanskeleg.
Me retter fokus på dei situasjonane som kan opplevast utfordrande både for foreldre, barnehage/skule eller hjelpetenester. Me gir konkrete råd til korleis ein kan tryggja utrygge foreldre i samarbeidet, til dømes når fagfolk vurderer at barnet deira har utviklings-utfordringar.
Filmen eignar seg særleg godt til barnehage/skule og hjelpetenester/helsetenester som PPT, BUP, barnevern og fastlege, som skal hjelpa foreldre når barnet deira treng ekstra støtte/hjelp.
Film: Sosial støtte og inkludering
Menneske treng menneske! Filmen har ein enkel bodskap som tuftar på eit rikt kunnskapsgrunnlag om kor essensielt det er for menneske å høyra til og vera ein del av eit fellesskap.
Filmen er for alle som har kontakt med menneske som deltek lite i samfunnsliv og frivillighet. Tematikken passer for alle som på ein eller annan måte møter menneske som kjem frå andre kulturelle bakgrunnar og/eller har lite nettverk og står i fare for å verta isolert. Kunnskapsgrunnlaget er like viktig for rådmenn og leiarar i kommunal sektor, som for alle tilsette i oppvekst og frivillige organisasjonar.
Film: Kultursensitivitet
Å forstå den andre er nøkkelen til trygghet og tillit i relasjonen. Kultursensitivitet handlar om å møte den andre med eit ope sinn, og å vera interessert i menneske som har ein annan kulturell bakgrunn enn deg sjølv.
Å byggja bru mellom deg og den andre, og vise at du vil den andre vel, er gode verktøy i møte med mennesker som har ein annan kulturell og/eller religiøs bakgrunn enn du har sjølv. Å erkjenne at du sjølv også har verdiar og forståing som kjem av din eigen oppvekst og kultur kan vera nyttig.
Filmen er for alle som ynskjer støtte til korleis du kan bygge tillit og trygghet i relasjonen til andre.
Film: Migrasjon og flukt
Menneske med flyktningbakgrunn har behov som varer mykje lenger enn media si merksemd.
I denne filmen ser me på fleire faktorar i det nye vertslandet som påvirkar psykiske helse hos flyktningar. Om me vil hjelpa barn, må me spørja dei korleis det går med foreldra (og andre medlemmer av familien), og støtta gode meistringar i heile familien.
Film: Å ta imot barn med flyktningbakgrunn
Korleis kan vi ta imot barn med flyktningebakgrunn best mogeleg? Det er mange opptatt av.
Det er god mellommenneskeleg varme og omsorg folk flest treng. I denne filmen set vi fokus på korleis skule (og andre) kan få barn til å kjenne seg velkommen og inkluderte. Vi snakkar også om at vi treng å erkjenne kven dei er og kva de bringer med seg, samt understøtte deira meistringar.
Film: Foreldre som ressurs
Korleis kan me møta og samarbeida med foreldre med flyktningebakgrunn?
I filmen snakkar me om korleis foreldre er ein viktig del av ‘laget rundt barnet’ og at me kan støtta barnet si utvikling ved å inkludera foreldra. Me diskuterer ulike utfordringar foreldre med flyktningebakgrunn kan ha, og korleis me kan byggja relasjon og gje dei støtte.
Film: Gode grep i skulen
Alle barn har rett på eit trygt og godt skulemiljø.
Elevar med fluktbakgrunn, eller som har foreldre med fluktbakgrunn, trenger å kjenna at dei vaksne er trygge, og at klassen og skulen er ein god plass å vera. Ein normaliserende skulekvardag er godt utgangspunkt.
Filmen set fokus på korleis vi kan ha meir traumebevisste tilnærmingar, nemleg trygghet, relasjon og regulering i klasserommet. Vi ser på gode grep for å inkludera barn med flyktningebakgrunn.
Vidare drøfter vi eksempel korleis vi kan hjelpa barn til å meistre sterke reaksjoner ved bruk av psykoedukasjon.
Om nettsida
Frå flukt til fellesskap
Frå flukt til fellesskap er ein kompetansepakke til deg som arbeider i barnehage, skule eller tenester som involverer barn/unge og deira familiar med fleirkulturell bakgrunn, og særleg familiar som har flukterfaringar.
RVTS Vest ynskjer å bidra til at du kan kjenna deg så trygg som mogeleg i møte med familiar med fluktbakgrunn. Starten i barnehage/skule og fritidsaktivitetar i ein ny kommune kan ha stor betydning for korleis barn/unge og foreldra har det i kvardagen sin.
Kompetansepakken gir deg meir kompetanse og fagleg trygghet i møte med barn og unge som kjem frå krig og flukt.
Vårt fokus er å trygge deg gjennom å fokusere på den mellommenneskelege dimensjonen i ditt faglege arbeid med flyktningefamiliar.
Bakgrunn
Bakgrunnen for at vi utvikla Frå flukt til fellesskap er behov for kompetanse og veiledning i kommunale tenester knytt til eit aukande tal flyktningar. Innhaldet i kompetansepakken er basert på henvendingar som RVTS Vest har fått frå tenestene.
Korleis bruke filmane
Sjølv om filmane er laga med tanke på barnehage, grunnskule og hjelpetenester, kan dei gjerne brukast til kommunetilsette generelt, vidaregåande skule, tilsette innan helse, frivillige, innbyggjarar og som undervisning i utdanningsløp både på fagarbeidarnivå og høgskulenivå.
Filmane heng saman, og kan sjåast frå start til slutt. Filmane kan også sjåast ut frå kva tema du ønskjer meir kunnskap om. Refleksjonsspørsmåla som høyrer til kvar film, kan nyttast individuelt og/eller i personalgrupper.
Filmane
Den viktige starten i ny kommune
• Gode grep i barnehagen
• Samarbeid med foreldre
• Sosial støtte og inkludering er så viktig!
• Kultursensitivitet
• Migrasjon og flukt
• Å ta imot barn med flyktningebakgrunn
• Foreldre=ressurs
• Gode grep i skulen