Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein vaksen mann som held eit barn på skuldrene sine, med ryggen mot kamera.
Fagområde

Veteranar og deira familiar

Relativt sett fungerer dei fleste veteranane godt. Mange har god helse og erfaringar som kjem til nytte i storsamfunnet.

Likevel veit vi at eit utval veteranar i ulik grad opplever utfordringar som følge av tenesta. Helsemessige utfordringar av både fysisk, psykisk og/eller sosial karakter. Desse har krav på å bli møtt på ein ivaretakande måte basert på oppdatert kunnskap.

Forsking og erfaring viser at det ikkje berre er veteranen sjølv som vert påverka av tenesta ute, men også familie og andre nære. Derfor er også veteranfamilien eit viktig satsingsområde med tanke på førebygging, støtte og ivaretaking. Kunnskap og handlingskompetansen må styrkast både innan helse- og oppvekst-sektoren, NAV og andre kritiske sektorar når ein skal møte målgruppa med helsefremmande og oppfølgande tiltak.  

Ein systematisk innsats retta mot helsetenestene og oppvekstsektoren på kommunalt nivå, spesialisthelsetenesten og andre delar av hjelpeapparatet innan førebyggande og helserelaterte tema, føreset ulike opplæringstilbod av høg kvalitet.

RVTS Vest har blant anna som oppgåve å bidra til auka kompetanse og betre det regionale samarbeidet for å førebygge og behandle langtidsreaksjonar etter psykiske traume hos veteranar og deira familiar.

Kontakt

Linda Kvalvik

Navn

Linda Renate Kvalvik

Områdeleiar / Barn og unge

lrkv@helse-bergen.no 98688394
Geir Olsen

Navn

Geir Olsen

Nestleiar / Områdeleiar vaksen

gjol@helse-bergen.no 95276729
Sist oppdatert 09.07.2025