Vald i nære relasjonar
Vald i nære relasjonar skjer når ein person blir utsett for vald eller overgrep av nokon dei har ein nær relasjon til – ein person dei normalt skal kunne stole på. Dette kan vere foreldre, sysken, partnarar, barn eller andre nære. Vald utanfor nære relasjonar kan til dømes førekome på skulen, arbeidsplassen eller i andre sosiale arenaer.
Ulike formar vald
Vald kan ta mange formar, blant anna fysisk, psykisk, seksuell, materiell og økonomisk. For nokon skjer valden episodisk, medan andre lever i ein konstant tilstand av frykt og kontroll. Å bli utsett for vald kan ha alvorlege helsemessige og sosiale konsekvensar, både på kort og lang sikt.
Vårt mål er å redusere vald og overgrep i samfunnet gjennom auka medvit, betre samarbeid og styrkt innsats.
Konsekvesar av vald og overgrep
Forsking viser at vald og seksuelle overgrep er utbreidd i Noreg. Mange blir utsette allereie i barndommen, og konsekvensane kan prege dei resten av livet. Å førebyggje vald, avdekke overgrep og sikre god hjelp til både utsette og utøvarar er eit samfunnsansvar.
Vald og overgrep heng ofte saman med andre utfordringar, som menneskehandel, isolasjon, negativ sosial kontroll og tvangsekteskap. Kunnskap og trygge fagfolk er avgjerande for å gi god hjelp til dei som treng det.
Vår jobb
RVTS Vest arbeider for å styrke fagpersonars kompetanse om vald og overgrep. Vi tilbyr kunnskap og rettleiing til helse- og sosialtenester, skule, politi og andre som møter menneske i sårbare situasjonar. Vårt mål er å redusere vald og overgrep i samfunnet gjennom auka medvit, betre samarbeid og styrkt innsats.