Mange blir råka av sjølvmord, og helsetenestene behandlar årleg mellom 4000 og 6000 sjølvmordsforsøk. Rundt 15-20 % av ungdom opplever sjølvmordstankar i tenåra, noko som kan vere ein naturleg del av utviklinga. For dei fleste forsvinn tankane, men for nokre kan dei få alvorlege konsekvensar. Sjølvmord og sjølvskading råkar mange, og pårørande og etterlatne treng støtte og omsorg. Å arbeide med desse utfordringane kan vere krevjande for både hjelparar og hjelpesystem.
Treng du hjelp?
På Helse Norge finn du råd til deg som har sjølvmordstankar, eller til deg som er bekymra for nokon.
Årsakene til sjølvmordstankar og -forsøk er ofte samansette og kan vere knytt til psykiske vanskar som depresjon, eller vanskelege livssituasjonar som samlivsbrot, sjukdom, jobbproblem og økonomiske vanskar.
Sjølvmordsåtferd er ofte ein måte å handtere intens smerte på, ikkje berre eit "rop om hjelp".
Sjølvmordsåtferd og sjølvskading
Sjølvmordsåtferd er ofte ein måte å handtere intens smerte på, ikkje berre eit "rop om hjelp". Det omfattar tankar, kjensler og handlingar relatert til sjølvmord, inkludert sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk.
Sjølvskading er og ei alvorleg handling. Vi ser at tidleg debut og repeterande sjølvskading over tid er risikofaktorar for sjølvmordsåtferd. Ved å ta alle signal på alvor, kan vi vise at personen ikkje er åleine.
RVTS Vest styrker det tverrfaglege arbeidet med førebygging av sjølvmord og sjølvskading i Rogaland og Vestland. Vi gir hjelparar tryggleik og verktøy til å avdekkje og hjelpe menneske i sjølvmordsfare, og vi fokuserer også på å ivareta etterlatne og pårørande. Vi tilbyr kunnskapsbasert kompetanse om sjølvskading og sjølvmordsåtferd til tilsette i spesialisthelsetenesta, kommunale tenester og statleg barnevern.