Kunnskap om vegen inn og vegen ut av radikalisering og valdeleg ekstremisme er viktig for førebyggje og hjelpe menneske ut av ekstreme verdsbilete, eller ekstreme grupper og miljø.
Radikalisering mot valdeleg ekstremisme handlar om at personar gradvis tek avstand frå samfunnets demokratiske prinsipp og rettferdiggjer bruk av truslar og vald for å nå sine ideologiske, religiøse eller politiske mål.
Radikalisering: Ein djupgåande prosess
Søken etter sosial tilhøyrsle, identitet, meining og beskyttelse er sentrale faktorar og pådrivarar i starten av mange radikaliseringsprosessar. Ein radikaliseringsprosess inneber vanlegvis fleire stadium, inkludert eksponering for radikale idear, aksept av desse ideane som ein del av ens identitet, og til slutt mobilisering til handling. I prosessen kan personen bli utsett for press, grooming og påverknad frå enkeltpersonar og miljø.
Å møte verda med psykisk sårbarheit
Mange som oppsøkjer udemokratiske og valdelege miljø har opplevd utanforskap, krenkingar og traumatiske erfaringar i oppveksten. Gjentekne belastningar kan føre til psykisk sårbarheit i form av negative kjensler, frykt, avmakt og sinne. Dette kan igjen skape ei utrygg identitet, sosiale utfordringar og mistillit til samfunnet og autoritetar.
Ekstreme nettverk og propaganda tilbyr ofte tilhøyrsle, enkle forklaringar og løysingar på kompliserte spørsmål som kan møte og lindre denne sårbarheita.
Av-radikalisering
Summen av sårbarheitsfaktorar gjennom livsløpet gir innsikt i ein persons hjelpebehov og lidingstrykk. Avradikaliseringsprosessar inneber anerkjenning av negative erfaringar og ei forståing av korleis desse har forma identitet og verdsbilete. Ei traumeinformert tilnærming er viktig for å aktivere indre motsetning mellom ekstreme ideologiar og personlege verdiar. Slik kan nye, berekraftige motforteljingar vekse fram i livshistoria.