Utnytting og menneskehandel er alvorlege brot på menneskerettane, og rammar mange i Noreg kvart år. Ofra lever ofte i skjul, og ofte under trussel og utpressing.
Utnytting og menneskehandel kan innebere økonomisk utnytting, seksuell utnytting, tvangsarbeid og fysisk og psykisk mishandling. Ofra blir ofte isolerte av dei som utnyttar dei, og har avgrensa rørslefridom. For å bekjempe dette er det viktig at tilsette i helsevesen, politi og frivillige organisasjonar kan kjenne igjen teikna på utnytting og vite korleis ein kan hjelpe ofra ut av situasjonen.
BUFdir har nasjonal veiledningsfunksjon i saker om mindreårige ofre for menneskehandel.
- Vakttelefon: 466 15 000 (mandag – fredag i ordinær kontortid) eller
- E-post: menneskehandel@bufdir.no.
RVTS Vest kan bidra med rettleiing og konsultasjon i saker om menneskehandel og utnytting.
Kontakt
Sist oppdatert 09.07.2025