
Kva er Papageno-effekten?
Papageno-effekten handlar om korleis open, ansvarleg og håpefull formidling rundt sjølvmord i media og offentlegheita kan ha ein førebyggande effekt.

Papageno-effekten handlar om korleis open, ansvarleg og håpefull formidling rundt sjølvmord i media og offentlegheita kan ha ein førebyggande effekt.
Namnet Papageno er henta frå operaen Tryllefløyta. I historia vurderer Papageno å ta sitt eige liv, men blir stoppa av andre som hjelper han til å sjå at det finst alternativ. Denne forteljinga blir brukt som eit bilete på noko viktig: Når menneske i krise møter bodskap som opnar for støtte, håp og nye moglegheiter, kan det gjere ein avgjerande forskjell.
Papageno-effekten blir ofte sett i kontrast til det som blir kalla Werther-effekten. Werther-effekten viser korleis sensasjonsprega, detaljert eller einsidig omtale av sjølvmord kan bidra til auka risiko. Papageno-effekten peikar i staden på korleis ansvarleg og gjennomtenkt formidling kan verke beskyttande.

Erfaring og forsking viser at fortellingar som formidlar håp, støtte og alternativ, kan bidra til mindre håpløyse og gjere det lettare for menneske i sårbare situasjonar å søke hjelp. Dette gjeld særleg journalistikk og annan medieformidling om sjølvmord og livskriser. Samstundes er dette perspektivet også relevant for fortellande uttrykk innan kunst og kultur – som film, scenekunst og litteratur – der livskriser blir formidla på ein ansvarleg måte som opnar for håp og nye moglegheiter.
Ord, bilete og fortellingar er aldri er nøytrale. Når formidling om livskriser skjer på ein ansvarleg og gjennomtenkt måte, kan det bidra til tryggare samtalar og større rom for håp.