Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Endringsagenter

Nasjonal endringsagentopplæring om førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

Ei kvinne med rosa hijab

Kort om kompetanseprogrammet

Endringsagentar er ein del av regjeringa sin handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald og er utarbeidd av RVTS på oppdrag frå Barne-, ungdom- og familiedirektoratet.

Opplæringa skal utruste ressurspersonar i frivillige organisasjonar og berørte miljø med ei styrka handlings- og haldningskompetanse til å førebygge og hjelpe menneske ut av negativ sosial kontroll og æresmotivert vald.

Kva lærer du?

Opplæringa er tverrfagleg og består av 13 moduler. Den vektlegg dialog og relasjonskompetanse der endringsagentane blir medvitne om si eiga rolle og består av ein kombinasjon mellom førelesingar og interaktivt dialog og gruppearbeid. Opplæringa gir deltakarane konkrete og praktiske verktøy.

Dei 13 modulane berører følgjande tema:

  • Æresrelatert vald
  • Negativ sosial kontroll
  • Tvangsekteskap
  • Kjønnslemlesting
  • Vald i nære relasjonar
  • Psykisk helse i eit fleirkulturelt perspektiv
  • Migrasjon- og akkulturasjonsstress
  • Transnasjonale familieliv
  • Traumeforståing og traume-basert tilnærming
  • Fleirkulturell kompetanse
  • Endringsprosessar
  • Lovverk og samfunnsforståing
  • Risikovurdering og utfordringsbilde

Målgruppe

Tilsette og ressurspersonar som arbeider med negativ sosial kontroll og æresmotivert vald i frivillige organisasjonar, trussamfunn, menigheiter eller andre berørte miljø der tematikken er aktuell, for eksempel i diasporamiljø.

Nettverkssamlingar

Endringsagentar som har gjennomført opplæringa, blir inviterte til regionale nettverkssamlingar i regi av dei regionale RVTS-ane dei høyrer til, samt to digitale, nasjonale halvdagsseminar i året.
 
I nettverket kan deltakarane utveksle erfaringar og få fagleg påfyll i form av oppdatert og tidsaktuell kunnskap innan feltet.
 
 

Kjekt å vite

Sidan oppstarten i 2020 har vi utdanna rundt 260 endringsagentar i Noreg fordelt på 50 frivillige organisasjonar.

Kontaktpersonar

Nasjonal koordinator

Elisabeth Harnes.

Elisabeth Harnes

Rådgjevar

ehar@helse-bergen.no 90697525

Region øst

Lill Marie Tollerud

Lill Marie Tollerud

lill.tollerud@rvtsost.no

Region midt

Region sør

Region nord

Sidsel Fjelltun

Sidsel Fjelltun

Sidsel.Fjelltun@unn.no
Sist oppdatert 04.03.2026