Webinar om psykisk helsehjelp for barn og unge i kommunen
Helsedirektoratet har starta ei webinarrekke om psykisk helsearbeid for barn og unge.

Det første webinaret tek føre seg forankring og etablering av ei psykisk helseteneste for barn og unge.
Webinaret er aktuelt for kommunar i oppstartsfasen av eit psykisk helsetilbod og kommunar som vil jobbe med forankring og utvikling av eksisterande tilbud.
Målgruppa er leiarar på politisk og administrativt nivå i kommunar og sjukehus, og fagpersonar.
Du får kjennskap til:
- Kvifor kommunen skal ha ein psykisk helseteneste for barn og unge
- Føringar i nasjonal rettleiar om etablering av ein psykisk helseteneste for barn og unge i kommunen
- Lovgrunnlaget for ei psykisk helseteneste til barn og unge i kommunen
- Korleis forankre ei psykisk helseteneste, politisk og administrativt – døme frå to kommunar
Linda Kvalvik er RVTS’ane sin representant i nasjonal implementeringsgruppe for “Veileder psykisk helsearbeid barn og unge”.
– Rettleiaren slår fast at barn og unge skal ha enkel tilgang til psykisk helsehjelp i heimkommunen sin. Kommunen skal tilby tidlig hjelp og behandling til innbyggjarar som opplever psykiske utfordringar, begynnande rusproblem og reaksjonar på belastande livshendingar. Vi veit at kommunane har kome litt ulikt i arbeidet, og gjer det på ulike måtar. Webinarrekka frå Helsedirektoratet vil vere nyttig uansett korleis din kommune organiserer psykisk helseteneste.
Du finn webinaret og meir informasjon på Helsedirektoratet si nettside:
Kontaktperson ved RVTS Vest: