Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

Sikre deg plass på Våre barn-konferansen 2025

Sikre deg ein av dei ledige plassane på Våre barn-konferansen

Publisert 21.04.2025
Sist oppdatert 24.04.2025
Ein dupliserte jenta. Den eine delen smiler og er fargerik, medan den andre delen er i skuggen og med mørke fargar.

Våre barn-konferansen har bidratt til å sette skadelig seksuell åtferd på dagsorden, og er i dag ein viktig møteplass for fagfeltet.

10-årsjubileum

I år feirar konferansen 10-årsjubileum og vi har sterke internasjonale namn på programmet. Konferansen blir arrangert på omgang mellom RVTSane, og starta i Trondheim for 10 år sidan. No er den tilbake i Trondheim, 10. – 12. juni.

Forutan å tilby oppdaterte faglege framlegg, både nasjonalt og internasjonalt forankra, har konferansen bidratt til samling av fagfeltet og formell og uformell nettverksbygging.

Ikkje minst har konferansane bidratt til felles forståing av dei ulike fenomena til laget rundt barnet og ungdommen. Eit lag som består av alle dei ulike tenestene som tilbyr bistand og er i kontakt med dei som er i behov; helsesjukepleiarar, skulen, barnevernets tenesteapparat, psykisk helsevern for barn og unge, habiliteringstenestene for barn og unge, juridisk sektor ved Statens barnehus og andre tenester med ansvar for barn og unge.

Dette kan du forvente av årets konferanse

  • Lære av internasjonale og norske ekspertar
  • Få betre innsikt i korleis vi kan hjelpe barn og unge på best mogleg måte
  • Bli ein del av eit fagmiljø som løfter kvarandre

Skal vi lukkast må vi jobbe styrkebasert!

Overordna tema for konferansen er heilskapleg forståing av barnet og ungdommens behov, og nytteverdien av styrkebaserte tiltak. Forskninga viser at tiltak retta mot meistring på mange arenaer motverkar utanforskap og beskyttar mot overgrep. For å belyse dette temaet har vi invitert Simon Hackett (UK) og Kevin Powell (USA). Dei er begge anerkjente og erfarne fagfolk på temaene. I tillegg har vi invitert mange dyktige fagfolk frå Noreg, deriblant Kjersti Draugedalen og Randi Hjelmervik.

Arrangør og samarbeidspartnarar

Konferansen i 2025 blir arrangert av RVTS Midt i samarbeid med Rebessa Trøndelag og Rebessa Møre og Romsdal. Desse er tverretatlege konsultasjonsteam for barn med bekymringsfull og skadelig seksuell åtferd. Mer spesifikt vil dette sei Statens barnehus Trondheim og Ålesund, spesialisthelsetenestene ved BUP og habiliteringstenestene for barn og unge, Trondheim kommune ved omsorgsenheten, Ålesund kommune ved barnevernstjenesten, BUFetat, NOK Møre og Romsdal og RVTSane.