Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vald i skulen: Vi veit allereie kva som fungerer

For ordens skuld: Vald høyrer ikkje heime i skulen. Ingen barn eller tilsette skal oppleve å bli slått eller truga. Det er vi heilt einige om.

Publisert 27.11.2026
Beate Gauden

– Det avgjerande spørsmålet er difor ikkje om vi skal handle, men korleis vi kan møte utfordringa på ein måte som faktisk verkar. 

Det seier Beate Gauden frå RVTS. Ho jobbar som rådgjevar i område barn og unge, er utdanna spesialpedagog og har i mange år jobba som leiar for PPT, samt vore barnehage-/skulesjef. 

Teikna kjem ofte tidleg 

Kva veit vi om dei elevane som strevar med vald og utagering? 

–  Vi veit mykje om risikofaktorane for vald, utanforskap, rus og kriminalitet. Vi veit òg at lærarar ofte ser teikna tidleg. Allereie på småtrinnet møter dei barn som strevar med regulering, relasjonar og meistring. 

–  Mange av desse barna ber med seg erfaringar frå vald, overgrep, traume, fattigdom eller langvarig utanforskap. Likevel er det ofte vanskeleg å få på plass tilstrekkeleg hjelp, sjølv om det er nettopp i denne fasen vi har størst moglegheit til å endre utviklinga. 

Tidleg innsats er meir enn tidleg oppdaging 

– Skulane strekkjer seg langt for å møte elevane sine behov, men dei kan ikkje stå åleine. Tidleg innsats handlar ikkje berre om å oppdage utfordringar tidleg, men om å setje inn rett hjelp når behova viser seg, forklarer ho. 

– Det krev at støtteapparatet har kapasitet til å handle raskt og samarbeide tett med skulen og familien. Dersom hjelpa kjem for seint, mistar vi ofte eit viktig høve til å snu ei negativ utvikling. 

Systemet må møte barnet, ikkje omvendt 

Kva må til for at hjelpa skal fungere betre? 

– Når barn sine behov ikkje passar inn i eksisterande system og ordningar, må systemet vere fleksibelt nok til å møte barnet der det er. Kommunane må ha ein rigg som mobiliserer tidleg og som står i arbeidet over tid. 

– Barn er ikkje saker som skal forvaltast. Dei er menneske med potensial for utvikling dersom dei får rett støtte til rett tid, seier ho. 

– I arbeidet med vald i skulen bør vi spørje oss kva tiltak som faktisk bidreg til meir tryggleik, meistring og tilhøyrsle. Tiltak som fjernar elevar frå fellesskapet over lengre tid, må vurderast opp mot målet om inkludering, relasjonsbygging og sosial utvikling. 

–  Kven blir meir sosial, trygg og regulert av å vere heime åleine i fleire veker? Spør Beate. – Skal vi påverke åtferd i positiv retning, treng elevane vaksne som kan hjelpe dei med å forstå, regulere og handtere vanskelege situasjonar og reaksjonar.

Ei gruppe barn som rekker opp hendene

Vald høyrer ikkje heime i skulen

Ingen barn eller tilsette skal oppleve å bli slått eller truga.

Skulen treng støtte og samarbeid 

Kva treng skulane for å lukkast betre i dette arbeidet? 

– Skulen treng kompetanse, tryggleik og tid til å arbeide førebyggjande. Det trengst fagfolk frå støtteapparatet som samarbeider tett med tilsette, elevar og familiar. 

–  Vi treng tidleg involvering av føresette, støtte i dei viktige samtalane og fagmiljø som har rammer, og ikkje minst mot, til å vere fleksible og kreative når løysingane ikkje er opplagde. 

Ingen nye visjonar, berre handling 

– Det handlar ikkje om nye visjonar, men om å gjere alvor av dei prinsippa vi har vore einige om lenge: Tidleg innsats, tett samarbeid og rask hjelp til barn som strevar. 

– Når elevar blir møtte med omsorg, med både tydelege og trygge vaksne som gjev støtte, aukar sjansen for at utviklinga går i rett retning, seier Beate. Og så treng vi å gjere alvor av å involvere og støtte familien lenge før det utviklar seg til vald. 

Dersom du skal avslutte med eitt råd, kva er det? 

– Snakk med elevane som utøver vald. Dei har ei historie som er viktig å forstå dersom vi skal skape varig endring. For skal vi løyse valdsproblemet i skulen, må vi ikkje berre reagere på handlingane. Vi må òg forstå det som ligg bak. Det er truleg ingen elevar som står opp om morgonen og tenkjer at dei skal utøva vald. Vald er stort sett reaksjonar som fortel ei historie. 

Relevante ressursar: 

Traumeskolen 

Trygge vaksne med traumekompetanse 

Snakkemedbarn.no 

JegVet.no 

E d greitt? 

Kofferten min og meg