Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tverrfagleg innsats mot vald

Vi inviterer ressurspersonar i kommune og politi til ein workshop om vald.

Publisert 24.06.2026
Geir Olsen, med bakgrunnsbilde av ein mann med hendene foran ansiktet

Den tverrfaglege innsatsen mot vald må styrkast. - Dette er ikkje noko nytt, seier Geir Olsen, nestleiar ved RVTS Vest.

Svikt og svik-rapporten frå 2017 peika på behovet for samarbeid mellom tenester, men mykje tyder på at dette framleis er kritisk viktig for å lukkast med arbeid mot vald, fortel Geir.

– Helsedirektoratet har hatt aukande søkelys på dette. I den nasjonale rettleiaren om psykisk helse- og rusarbeid for vaksne står det at «Kommunen og spesialisthelsetenesta skal samarbeide om vurdering og handtering av voldsrisiko for pasientar med psykiske helse- eller rusproblem».

Geir Olsen som underviser
Geir Olsen.

Inviterer til workshop

RVTS Vest har gått saman med Krisesenter Vest IKS, Kripos (politiet) og SIFER Vest. 

– Samla inviterer vi ressurspersonar frå kommunane og politiet til å vere med på ein workshop om vald i nære relasjonar og æresrelatert vald. Workshopen vert i første omgang arrangert i Haugesund, seier Geir. – Same workshop hadde vi i Florø i 2025.

Han fortel at kommunane har eit ansvar for å førebygge, avdekke og avverge vald og seksuelle overgrep. Kommunen skal og legge til rette for at helse- og omsorgstenesta blir i stand til å førebygge, avdekke og avverge vald og seksuelle overgrep, særleg når det gjeld pasientar og brukarar.

– Men problemet med vald gjeld ikkje berre pasientar. Fleire alvorlege saker involverer personar utan slik status.

– Vi treng innsats frå alle tenester, og vi treng å styrke samarbeidet på tvers av tenester, seier Geir.

Lærer å bruke strukturerte verktøy

På workshop’en skal deltakarane lære om vald i nære relasjonar og æresrelatert vald, ved bruk av verktøya SARA V3 og Patriark.

Geir fortel at workshop’en vil gi:

  • Auka kunnskap om vald, vald i nære relasjonar og æresrelatert vald.
  • Auka kompetanse om metode for vurdering av voldsrisiko, generelt.
  • Auka kompetanse om risikovurdering ved bruk av verktøya SARA og Patriark.
  • Moglegheit til å reflektere over kva tiltak og samarbeidsrelasjonar som kan nyttast etter ei risikovurdering.

Kurshaldarar er Øyvind Heen Ottesen, psykologspesialist ved SIFER Vest, Cathrine Lise Saroea, politioverbetjent ved KRIPOS og Geir Olsen, sjukepleiar og nestleiar ved RVTS Vest.

Vald er kvardag for mange

– Vald er ein del av kvardagen for mange. Dei fleste undersøkingar er tydelege på dette, fortel Geir. – Både gamle og unge blir råka. Vald skjer på tvers av kultur – både i den norske og i andre kulturar. Du kan òg vere utsett for vald på tvers av tenester, offentlege som private.

Det som er felles, er at det skadar på tvers, fortel han. Både våre relasjonar, helsa vår og evna vår til å gi gode tenester – uavhengig av alder, kjønn og etnisitet. Ein stor del av valden i samfunnet vårt handlar om vald i nære relasjonar.

– Vi håpar derfor at så mange som mogleg har høve til å melde seg på desse to dagane, avsluttar Geir.

Sjå også:

Spørsmål?

Geir Olsen

Geir Olsen

Nestleiar / Områdeleiar vaksen

gjol@helse-bergen.no 95276729