Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Trygge samtaler er lansert

Trygge samtaler skal gi auka tryggleik i å snakke med dei som treng det mest.

RVTS Vest
Publisert 12.02.2026
Sist oppdatert 17.02.2026
Ein person som brukar ein bærbar PC som viser nettsida til Trygge samtaler

På oppdrag frå Helsedirektoratet har RVTS laga den digitale opplæringa Trygge samtaler. 

Opplæringa består av seks temamodular som kvar gir fagleg innsikt og praktisk trening. Målet er å auke kompetansen på dei ulike tema, samt auke tryggleik i å føre gode samtalar som gir håp til dei som treng det mest.  

Opplæringa er laga for chat og hjelpetelefonar, men det er tenkt at fleire tenester kan bruke opplæringa etter kvart, då innhaldet er relevant for fleire.

Trygi samtale 

Julie Andreassen, Inger Sigfridsson og Cristo Borrachero har vore aktive prosjektmedarbeidarar frå RVTS Vest. 

Julie Andreassen har bidrege med faglege innspel gjennom heile utviklingsprosessen. Ho har særleg vore opptatt av at innhaldet i Trygge samtaler skal vere relevant for dei som står i dei mest krevande samtalane i praksis. 

Julie F. Andreassen.

Foto: Sylvia Haukanes

Julie Andreassen er rådgjevar ved RVTS Vest, og del av område barn og unge.

- Når du møter barn, unge og vaksne som har ei livskrise eller på andre måtar har det vondt, kan tryggleik i samtalen vere avgjerande, seier Julie. 

Julie har erfaring frå arbeid med sjølvmordsførebygging, traumer og komplekse livssituasjonar.  

I Trygge samtaler har ho hatt særlige blikk på korleis opplæringa kan støtte hjelparar i å vere til stades i samtalar som opplevast utrygge, uavklarte eller emosjonelt krevande.  

- Ressursen skal ikkje berre gi kunnskap, men også styrke tryggleik, regulering og handlingsrom hos den som lyttar. 

 

Når du møter barn, unge og vaksne som har ei livskrise eller på andre måtar har det vondt, kan tryggleik i samtalen vere avgjerande.
Julie Andreassen

 

Gjenkjennbart og relevant 

Inger Sigfridsson har bidrege i modulen om vald og overgrep. Ho har i mange år jobba direkte med både valdsutsette og valdsutøvarar.  

Inger Sigfridsson

Foto: Sylvia Haukanes

Inger Sigfridsson er rådgjevar ved RVTS Vest, og del av område vaksne.

- Det har vore viktig at innhaldet opplevast gjenkjennbart og relevant for dei som skal bruke det, også for dei som ikkje har så mykje erfaring med slike samtalar, seier Inger.

- Dette er tema mange synest det er krevande å snakke om. Derfor har eg vore oppteken av å vise kva tema som kan dukke opp i slike samtalar og korleis ein kan møte det på ein trygg og respektfull måte.  

- Det handlar mest om å skape rom for refleksjon og gode spørsmål, ikkje om å gi fasitsvar.

 

Det handlar mest om å skape rom for refleksjon og gode spørsmål, ikkje om å gi fasitsvar.
Inger Sigfridsson

 

Pedagogisk og universelt utforma 

Cristo Borrachero er digital produsent ved RVTS Vest. Han har saman med kollegaer frå RVTS i heile landet, hatt ansvar for å lage fagfilmane.  

Cristo Borrachero

Foto: Sylvia Haukanes

Cristo Borrachero er digital produsent ved RVTS Vest, og er del av område kommunikajson og implementering.

- Vi har lagt stor vekt på at filmane skal vere pedagogisk oppbygd og med passande lengde, fortel Cristo. - Det har og vore viktig å bruke varierande formidlingsformar. Dette gjer opplæringa meir engasjerande og dermed lettare å lære.

- Universell utforming har vore eit område som stod høgt på lista medan vi utvikla programmet, fortel han. - Vi har vore særleg opptekne av element som synstolking, høyrselstolking og – ikkje minst – klarspråk. I tillegg har det vore viktig at fleire dialektar er representerte i filmane. Vi ønskte å vise kor mangfaldige vi er i Noreg,  og skape gjenkjenning i heile landet.

 

Det har vore viktig å bruke varierande formidlingsformar. Dette gjer opplæringa meir engasjerande og dermed lettare å lære.
Cristo Borrachero

 

Verdien i ei slik opplæring 

- Vi har jobba tett saman med dei frivillige organisasjonene, fortel Cristo, Inger og Julie. - Vi har brukartesta alle element og verktøy, og justert dei etter tilbakemeldingane vi fekk, så ressursane som ligg i opplæringa no er godt gjennomarbeidd. 

- Noko av det som er særleg unikt, er at du kan øve deg på samtale ved å bruke samtalesimulering og chatbot, seier Cristo. - På denne måten kan du forbetre kommunikasjonsferdigheitene dine og bygge tryggleik i samtalane.

- Tilsette i chat og hjelpetelefonar gjer eit stort og viktig arbeid, seier Inger. -  Opplæringa er meint som ei støtte i det daglege, slik at dei kan bygge vidare på den erfaringa dei allereie har.

Tips til dei som skal i gang med opplæringa 

Julie, Inger og Cristo har nokre tips til dei som skal i gang med opplæringa. 

  • Ta litt og litt. Tema kan vere tunge, og det er heilt greitt å bruke tid. 
  • Prøv samtalesimuleringane! Sjølv om det kanskje kjennest litt uvant i starten er det god øving på korleis ei samtale kan utvikle seg. 
  • Snakk med andre dersom noko er vanskeleg eller uklart. Mange sit med dei same tankane. 
  • Bruk det du kjenner igjen som nyttig, og kom tilbake til resten når du er klar for det. 

 

- Vi håpar at opplæringa er ei god hjelp til å forstå korleis ulike vanskar kan komme til uttrykk i ei samtale, samt til å utforske korleis ein sjølv reagerer, og kva ein treng å vere merksam på, avsluttar Julie, Inger og Cristo.

 

Tilgang til opplæringa

Opplæringa er open for alle tenester, men dei som jobbar med chat og hjelpetelefonar som har vore med i prosjektet er prioriterte. 

 

Relatert

Slik har det blitt jobba med brukarmedverknad i Trygge samtaler (video)

 

Har du spørsmål om Trygge samtaler?