Trygge rådgivarar i møte med bønder som har det vanskeleg
I samarbeid med prosjektet «Bedre bondevelferd», har RVTS Vest laga ein rettleiar for rådgivarar i landbruket.

Foto: Navpreet Deol
Målet med prosjektet er å gjere rådgivarane tryggare i møte med produsentar som står i vanskelege situasjonar i landbruket. Utvikling av rettleiaren Trygge rådgivere i landbruket, har vore ein del av prosjektet.
Randi Mossefinn og Linda Thomassen frå RVTS Vest er med som fagpersonar i arbeidet. Begge har lang klinisk erfaring. Linda frå arbeid med førebygging av sjølvmord og sjølvskading, Randi frå arbeid med familiar i krevande situasjonar, særleg innan familievald.
Kvifor trengs ein rettleiar for rådgivarar i landbruket?
Randi og Linda fortel at rådgivarar i landbruket møter bønder som står i krevande situasjonar.
- Det er tøft å vere bonde. Mange jobbar lange dagar og har lite fritid. Dette kan føre til utbrentheit, nedstemtheit og problem med søvn, fortel Randi.
- Rådgivarane treng meir kunnskap om korleis møte bønder som slit, på ein god måte, seier Linda. - Mange bønder jobbar mykje åleine. Ofte har dei ikkje kollegaer. I tillegg har dei ansvar for dyr, og det kan vere ekstra krevande når ting går gale – som ved sjukdom i buskapen.
- Låg eller ustabil inntekt og høg gjeld, kan føre til økonomiske bekymringar som går ut over både psykisk og fysisk helse, seier Randi.
– Derfor er vi opptekne av at denne rettleiaren er ei god hjelp for rådgivarane, slik at dei kjenner seg tryggare til å støtte bønder som har det vanskeleg.

Låg eller ustabil inntekt og høg gjeld, kan føre til økonomiske bekymringar som går ut over både psykisk og fysisk helse
Kva inneheld rettleiaren?
Rettleiaren er delt inn i tre fasar (kapitlar), som alle har ein farge kvar. Grøn, gul og raud.

Grønt kapittel
Grønt kapittel handlar om det som skal skje før besøket hos bonden - planleggingsfasen.
- Det startar med ei sjekkliste som hjelper rådgivaren å avklare bekymringar, fortel Linda. - Gjeld det bonden, dyra eller eventuelle barn? Har det vore tidlegare observasjonar eller meldingar frå andre?
- Kapittelet gir oversikt over risikofaktorar for psykisk helse hos bønder, som sosial isolasjon, økonomisk press, lange arbeidsdagar, sjukdom i besetninga og generasjonskonfliktar.
- Det er lagt vekt på rådgivaren si rolleforståing og profesjonalitet – å opptre ryddig, roleg og respektfullt for å skape tillit, fortel Randi.
– Dei får grunnleggande kunnskap om psykisk helse og korleis møte menneske i krise. Toleransevinduet blir presentert som eit verktøy for å regulere eigne reaksjonar. Kapittelet inneheld og råd om samtalekompetanse og korleis identifisere teikn på sjølvmordsfare.

Foto: Navpreet Deol
Gult kapittel
Linda fortel at kapittelet inneheld konkrete råd for situasjonar som kan oppstå under besøket, altså den operative fasen.
- Det inneheld ein akutt sjekkliste med teikn på psykisk uhelse eller krise, som endra atferd eller kritiske varselsignal som snakk om at livet ikkje er verdt å leve.
- Nokre av tiltaka som blir anbefalt er å vere til stades, vise omsorg, stille opne spørsmål og lytte utan å dømme, seier Randi.
I kapittelet er det øvingar for å roe ned og tips om korleis anerkjenne (validere) følelsar.
- Ved bekymring for sjølvmord blir det understreka at ein må våge å spøre direkte, ta svaret på alvor og gi støtte, seier Linda. - Rådgivaren skal ikkje stå åleine med ansvaret, men motivere til profesjonell hjelp og involvere nettverk eller helseteneste.
Raudt kapittel
Raudt kapittel handlar om kva som skjer etter besøket. Om oppfølging og tiltak.
- Det gir oversikt over akutte kontaktar, seier Randi. - Mattilsynet ved bekymring for dyr, politi og legevakt ved fare for liv, og barnevern ved bekymring for barn. Ved generell bekymring for bonden bør rådgivaren involvere relevante fagpersonar, rådføre seg med leiar og vurdere varslingsplikt.
- Kapittelet forklarer også avvergeplikta, seier Linda. – Det vert og lagt vekt på rådgivaren sitt behov for støtte. For eksempel debriefing for å bearbeide opplevingar og kollegastøtte gjennom metodar som «leirbålet», seier Randi.
Nyleg lansert
Rettleiaren vart nyleg lansert.
- Vi håpar at rettleiaren kjem til nytte for rådgivarane i møte med bøndene «våre», som kvar dag gjer ein utruleg viktig jobb for at vi alle skal få mat på bordet. Betre bondevelferd fører til betre dyrevelferd, seier Randi og Linda.
Prosjektet «Bedre bondevelferd»
Rettleiaren er utarbeidd i regi av prosjektet «Bedre bondevelferd».
Prosjektet har som mål å trygge og profesjonalisere rådgivarane sine møte med produsentar i vanskelege situasjonar i landbruket. Dette omfattar utvikling av ein rettleiar for krevande situasjonar og faglege samlingar på tvers av organisasjonar som arbeider direkte mot bønder.
Prosjektet skal bidra til auka kunnskap og tydelege grenser for betre dyrevelferd.
Rogaland Landbrukspark er prosjekteigar og gjennomfører prosjektet i tett samarbeid med slakteria Fatland, Nortura og Prima Slakt, samt Statsforvaltaren i Rogaland. Organisasjonane Mattilsynet, Stiftelsen Norsk Mat, Q-meieriene, Tine, Fiskå Mølle, Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA), Rogaland veterinærforening og Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har bidrege fagleg i prosjektet.
Prosjektet er finansiert av Rogaland fylkeskommune og dei største organisasjonane i landbruket.