Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt kurstilbod retta mot mellomleiarar i grunnskulen

Nytt tilbod for å styrke mellomleiaren si rolle i arbeidet med skulemiljøet

Publisert 04.06.2025
Plakat som promotererer datoar for kurstilbodet trygge leiarar

Hausten 2025 blir «Trygge leiarar – elevane sitt skulemiljø» lansert, eit nytt og gratis kurstilbod spesielt retta mot mellomleiarar i grunnskulen.

Målet er å styrkje kompetansen og tryggleiken til mellomleiarar i arbeidet med å førebygge og handtere mobbing.

Kurset kombinerer ein fagdag med digital oppfølging, og blir arrangert i Bergen og Førde.

Hilde B. Hugaas, Hildegunn Hodneland og Beate Gauden

Foto: Christina Hauge, RKBU Vest

Mobbeombodet i Vestland, RVTS Vest og RKBU Vest som står bak tilbodet. Frå venstre: Hilde B. Hugaas, Hildegunn Hodneland og Beate Gauden

Mellomleiarar har ei viktig rolle

Mellomleiarar i skulen, som avdelingsleiarar og inspektørar, har ei viktig rolle i å skape eit trygt og inkluderande skulemiljø. Likevel har dei tradisjonelt hatt færre moglegheiter for målretta kompetanseheving enn rektorar.

Med «Trygge leiarar – elevane sitt skulemiljø» får dei no eit skreddarsydd tilbod retta mot deira rolle.

Innhald

Kurset er utvikla i samarbeid mellom Mobbeombudet i Vestland, RKBU Vest og RVTS Vest. Det består av ein heildags fagdag og ein digital workshop, og fokuserer på:

  • Lov og lovanvending, inkludert utfordringar med skjerpa aktivitetsplikt og barnets beste som rett, prinsipp og prosedyre
  • Mobbing – omfang, fenomen og konsekvensar
  • Førebygging: arbeid i personalet, bruk av tverrfaglegheit, forståing av gruppedynamikkar
  • Handtering: relasjonens betydning, samtaleverktøy, rehabilitering
  • Støtte til leiarrolla i komplekse mobbesaker

Arrangementet blir halde i Bergen og Førde, med oppstart i Bergen den 13. november og i Førde den 4. november. 

Gå til påmelding