27. mai: Du er invitert til bokseminar
Tema: Barn og unge med utfordrende atferd - hvordan forstår og møter vi dem?
Stad: Sentralen i Oslo
Medan Traumeskolen har spreidd seg til tenester over heile landet, har gjengen bak skrive bok.

Foto: Christina Hauge
– Mottakelsen av Traumeskolen har vore over all forventning, seier Dag Nordanger.
Han har vore prosjektleiar og primus motor for både Traumeskolen og Traumeboken.

Foto: RVTS Vest
– Når rundt 200 tenester eller einingar frå nord til sør har teke eller er i gang med Traumeskolen, er det jo tydeleg at den har treft eit behov. Det siste eg høyrde, var at også mange tenester på Færøyene er i gang, fortel Dag. – Det er verkeleg utruleg gøy og inspirerande.
– Men allereie då vi heldt på med manusa til alle dei pedagogiske videoane i Traumeskolen, 27 videoar nærare bestemt, slo det oss at «dette må jo berre bli ei bok!»
Alle som har boka, får ei «bakdør» inn til dei pedagogiske videoane, som ein kan opne gjennom QR-kodar.
Dag fortel at den viktigaste grunnen til å skrive boka, er at fagstoffet vert tilgjengeleg for fleire. Traumeskolen er berre for heile tenester, den er laga for at eit arbeidsfellesskap skal ta den i lag.
– Når den no i tillegg har blitt bok, vert den same kunnskapen tilgjengeleg også for einskilde fagpersonar og studentar, forklarer Dag. – Og alle som har boka, får ei «bakdør» inn til dei pedagogiske videoane, som ein kan opne gjennom QR-kodar som er sett inn der dei høyrer til ut frå tematikken.
Både Traumeskolen og Traumeboken eit samarbeid mellom RKBU Vest og RVTS Vest. Dag sine medforfattarar av boka har vore Bjørn Brunborg frå RKBU Vest og Mette Garmannslund og Cristo Borrachero frå RVTS Vest. Dei same har vore prosjektgruppa for Traumeskolen.
– Boka er jo eit barn av, og speglar, Traumeskolen – alle som tek Traumeskolen vil kjenne seg godt igjen når dei les boka, fortel Dag. Samtidig går Traumeboken mykje grundigare inn i kvart tema, pluss at den også dekker fleire tema, slik at det også vert ei fordjuping for dei som ønsker det. Men boka står sjølvsagt heilt på eigne bein også, den forutset på ingen måte at ein har tatt Traumeskolen, legg Dag til.
Boka står heilt på eigne bein, den forutset på ingen måte at ein har tatt Traumeskolen.
Mette Garmannslund fortel at boka i likskap med Traumeskolen rettar seg mest mot fagfolk i allmenne eller kommunale tenester, sånn som skule, barnevern eller andre tenester som er tett på og barna og dei unge sitt daglege liv.

Foto: RVTS Vest
Traumeboken er i hovudsak retta mot allmenne og kommunale tenester, men kan også vere ein viktig ressurs for spesialisert psykisk helsevern. Fleire BUP-ar har teke Traumeskolen.
– Samstundes kan boka vere ein viktig ressurs også for spesialisert psykisk helsevern, som BUP-ar eller tilsvarande tenester, seier ho. Den dekker den grunnleggjande forståinga av barn si utvikling og konsekvensar av traume, som også spesialiserte behandlingsmetodar byggjer på.
– I kontakten vi har med tenesteapparatet opplever vi at også spesialisthelsetenester etterspør denne kompetansen, og det er faktisk også BUP-ar som har teke Traumeskolen, gjer Mette oppmerksam på.

– Ein ting som er litt viktig å nemne, legg Dag til, – er det nasjonale grunnarbeidet både Traumeskolen og Traumeboken bygger på.
Dag leia ei nasjonal ekspertgruppe, der alle RVTS-ane var med, som hadde som mål å identifisere kva som er dei viktigaste byggesteinane i traumekompetane, og lage eit instrument som måler slik kompetanse. Resultatet er instrumentet TANDEM, som no er i bruk i alle landsdelar.
– Det fine med TANDEM er at det på denne måten både fungerer som ei «sjekkliste» for kva opplæring om traume bør innehalde, seier Dag, – pluss at vi får eit mål på om opplæringa faktisk fører til den ønska kompetansen!
– I likskap med Traumeskolen er boka basert på TANDEM sine kompetanseområde og den semja som vart etablert i den nasjonale arbeidsgruppa. Det betyr at det vi skriv om i boka ikkje er noko vi berre har teke ut av lufta, vi har på ein måte ei god kvalitetssikring i ryggen, seier Dag.
Cristo har som produsent for filmane i Traumeskolen også sett til at manusa har vorte bygd etter prinsippa for god historieforteljing – slik at bodskapen vert fanga opp og når breiast mogeleg ut. Dette er teke vidare og utvikla endå meir i Traumeboken.

Foto: RVTS Vest
– Eit pedagogisk grep som går igjen er at vi startar kvart bokkapittel og ulike tema med at ein fagperson vert utfordra – ein situasjon dei fleste som jobbar med barn og unge vil kjenne seg igjen i, fortel Cristo. – Så vert fagomgrep og liknande, utleia frå denne situasjonen. Då vert det knytt til noko konkret, og vert lettare å forstå og huske, forklarer han.
Eg har vore opptatt av at innhaldet skal utgjere ei heilheit der boka både gir glede å lese i, samt er lett å finne fram i.
Cristo fortel at vi i same hensikt føl ein person gjennom heile boka, Maya, som har ei traumehistorie. Vi møter henne først som sjuåring, og føl henne til ho er vaksen i siste kapittel. Det teoretiske i boka blir knytt til hennar konkrete erfaringar og reaksjonar, før ein mot slutten av boka ser på kva denne kunnskapen betyr for korleis vi kan hjelpe henne.
Cristo har også hatt ansvar for den grafiske utforminga av Traumeboken.
– Eg har vore opptatt av at innhaldet skal utgjere ei heilheit der boka både gir glede å lese i, samt er lett å finne fram i. Vi håpar at eksempel, fargar, illustrasjonar, integrerte videoar og eit klart språk bidreg til dette, seier Cristo. – Det er viktig kunnskap vi skal formidle.
Bjørn Brunborg legg til at vi også håpar at også sjølve «plotet» for boka bidreg til å gjere fagstoffet engasjerande og lett tilgjengeleg.

Foto: RKBU Vest
– Dei første tre kapitla etablerer eit forskingsbasert og teoretisk fundament for å forstå konsekvensane av å vekse opp med traume i nære relasjonar, sett i eit utviklingsperspektiv, fortel Bjørn. – Eit sentralt poeng er at desse barna får «for mykje av det vonde og for lite av det gode». Dei betalar ikkje berre prisen for traume dei er påført, men også av gode erfaringar dei har fått for lite av, forklarer Bjørn.
Eit sentralt poeng er at desse barna får «for mykje av det vonde og for lite av det gode».
Ei slik forståing har betydning for korleis vi best kan hjelpe, som dei siste fem kapitla handlar om. Inngangen til dette er eit kapittel som heiter «Egen maske først».
– På mange måtar er dette kapittelet hjartet i heile boka, seier Bjørn. – Om vi ikkje er bevisste på korleis vi sjølve blir påverka, og korleis vi verkar inn på samspelet med barn og unge, har metodane og strategiane vi bruker liten verdi. Det er vi sjølve som er det viktigaste instrumentet i dette arbeidet, seier han.
– Ja, men for å klare å ha ei slik sjølvrefleksjon, treng vi alle ein arbeidskultur som dyrkar og gjev rom for det, prega av psykologisk tryggleik, føyer Mette til. – Så vi set eit særleg søkelys på kva ein kan gjere for å fremje ein slik arbeidskultur, inkludert øvingar ein kan gjere saman på arbeidsplassen.