I Noreg bur det mange flyktningar som har vore utsette for tortur. Erfaringane og situasjonen deira er ofte usynlege for folk flest.
Overlevere er ein nyleg lansert nettressurs retta mot deg som arbeider med menneske med flyktningbakgrunn. Ressursen byggjer på boka Våre stemmer – torturoverlevere: vi som skulle tie.
Eit knippe overlevande frå boka er intervjua i ei rekkje videoar som finst på nettsida. Her kan du høyre enkelthistoriene til menneske som har vore utsette for tortur, og slik få eit innblikk i realiteten av traumene mange flyktningar ber med seg. Her finn du òg informasjon om tortur, traume og behandling, samt nyttige lenker til fagstoff om torturfeltet.
- Overlevarar av tortur fortel ofte ikkje uoppfordra om det dei har vore utsette for før dei kom til Noreg, seier psykologspesialist ved RVTS Nord, Irene Marstrøm.
- Difor er det viktig at helsepersonell og andre fagfolk dei møter her, kjenner til kva dei kan ha opplevd og kva konsekvensar det kan ha fått. Ved å samarbeide på tvers av tenester og profesjonar, kan vi hjelpe overlevarar med å ta tilbake opplevinga av verdigheit og funksjon på flest mogleg livsområde. Nettressursen Overlevere gir auka innsikt i dette viktige temaet.
RVTS Vest koordinerer eit tverrfagleg fagnettverk med kompetanse på tortur, og har fokus på å auke kompetansen om tortur i region vest. Dersom du eller di teneste ønsker rettleiing eller annan bistand knytt til temaområde tortur, kontakt Valeria Markova.
Borgersen, M. og Serck-Hanssen, F. (2022). Våre stemmer – torturoverlevere: vi som skulle tie. Oslo: Forlaget Press.