TANDEM har fått internasjonalt kvalitetsstempel
– Eit gjennombrudd for tenester som satsar på traumebevisst praksis.

Foto: Ingvild Constance Festervoll Melien
Ein forskingsartikkel om verktøyet TANDEM er no publisert i eit internasjonalt vitskapleg tidsskrift. For tenester som vil satse på traumebevisst praksis, betyr det noko heilt konkret: Vi kan no måle om kompetanseløft faktisk verkar – og dokumentere effekt.
– Eg synest det er ganske kult, seier Dag Nordanger engasjert. – Dette er ei milepæl, både for oss som har utvikla verktøyet, og for alle tenester som jobbar systematisk med traumekompetanse.
Kvifor er dette viktig for ei teneste?
I mange år har kommunale og statlege tenester investert betydelege ressursar i kurs og opplæring i traumebevisst praksis. Barnevern, skular, barnehagar, institusjonar og helse- og omsorgstenester har sendt tilsette på kurs, ofte i regi av RVTS.
– Men eitt spørsmål har vore vanskeleg å svare på:
Fører kursinga til faktisk auka kompetanse?
Det var dette behovet som låg bak utviklinga av TANDEM.
– Vi visste eigentleg for lite om effekten av all denne opplæringa. Samtidig fanst det heller ikkje ei heilt felles forståing av kva traumekompetanse konkret inneber, forklarer Dag.

Kva er eigentleg TANDEM?
TANDEM er eit kartleggingsverktøy utvikla av ei nasjonal ekspertgruppe der alle RVTS-ane i Noreg har delteke. Målet var å definere kjernen i traumekompetanse – og lage eit verktøy som kan måle den.
Resultatet blei 55 spørsmål som kartlegg fagpersonar som deltek på våre kurs og opplæringar si kompetanse om traume.
For ei teneste betyr dette:
- Ei konkret sjekkliste for kva traumekompetanse faktisk består av
- Eit felles språk for kvalitet i opplæring
- Moglegheit til å måle utvikling over tid
– TANDEM speglar ei nasjonal fagleg semje om kva traumekompetanse er. Det kan brukast både til å evaluere kurs og til å utvikle nye opplæringsprogram, seier Dag.

Slik brukar tenester TANDEM
Bruken er enkel og lite ressurskrevande:
- Tilsette som tek kompetanseprogram i regi av RVTS fyller ut skjemaet ved oppstart av eit kurs eller program
- Dei fyller det ut igjen ved avslutning
- Endring i skår viser om kompetansen har auka
Skjemaet tek under ti minutt å fylle ut.
– For ei teneste gir dette noko mange har sakna: Dokumentasjon på effekt, seier Dag.
Kva betyr det internasjonale kvalitetsstempelet?
Å utvikle eit slikt verktøy er éin ting. Å dokumentere at det faktisk måler det det skal måle – validitet – er noko heilt anna.
– Dersom folk for eksempel overvurderte eigen kompetanse før kurs, og så fekk lågare skår etterpå fordi dei forstod meir av kva dei ikkje kunne, ville verktøyet vore ubrukeleg. Difor måtte vi teste det grundig med forsking og avanserte statistiske analysar, forklarer Dag.
– Heldigvis viste analysane at TANDEM har dei måleeigenskapane vi håpa på. Det er desse funna som no er publisert i eit internasjonalt tidsskrift. Dag har gjort studien saman med Rolf Gjestad fra Helse Bergen og UiB, og Alina Coman og Anca Maria Yttri fra OsloMet.
Publiseringa betyr at:
- Metodane er fagfellevurderte
- Analysane er vurderte som solide
- Verktøyet held internasjonal forskingsstandard
– Det er her milepælen ligg. No har TANDEM fått eit internasjonalt kvalitetsstempel. Tenester kan bruke det med tryggleik, slik vi hadde ambisjonar om frå starten, seier Dag.
Kva får ei teneste konkret ut av å bruke TANDEM?
For kommunar og andre tenester som arbeider med traumebevisst praksis, gir TANDEM fleire gevinstar:
1. Kvalitetssikring av opplæring
Leiinga kan sjå om investeringar i kurs faktisk gir kompetanseauke.
2. Dokumentasjon overfor eigar og myndigheiter
Ein får tal og data som viser utvikling – ikkje berre gode intensjonar.
3. Felles fagleg retning
Verktøyet byggjer på nasjonal semje om kva traumekompetanse er.
4. Betre grunnlag for vidare utvikling
Resultata kan brukast til å justere og styrke opplæringsløp.
Eit gjennombrudd for traumefeltet
For Dag Nordanger handlar dette om meir enn eit måleverktøy.
– Dette er ei anerkjenning av fleire år med arbeid frå mange fagmiljø. Berre det å få studien publisert har teke nesten tre år. Det kjennest som eit gjennombrudd for traumefeltet i Noreg.
Og for tenester som ønskjer å jobbe kunnskapsbasert?
– No finst det eit verktøy som kan vise om satsinga faktisk verkar, avsluttar Dag.
Trygge samarbeidspartnarar for tenestene
Foto: Sylvia Haukanes
Espen Rutle Johansson er senterleiar ved RVTS Vest.
– For RVTS'ane er det viktig at det vi leverer i samarbeid med tenestene er av god kvalitet, slik at vi faktisk bidrar til auka traumebevisst praksis i tenestene.
– Målet er jo at dette til sjuande og sist kjem dei som brukar tenestene til gode.
– Då er denne anerkjenninga av TANDEM veldig kjærkomen. Vi trur at det er eit svært nyttig verktøy for tenesteleiarar som satsar på traumebevisst praksis, seier Espen.
Interessert i å vite meir om bruk av TANDEM i våre kompetanseprogram?

Relatert
The sensitivity of TANDEM – A new measure of trauma competence